Dypvåg kyrkje er ei krosskyrkje i Tvedestrand kommune i Agder.
Den nordre krossarmen er av stein og vart oppført på 1200-talet. I 1759–61 vart kyrkja utvida til krosskyrkje av Lars Albretsen Øvernes med nye delar av tre. Interiøret vart måla over i 1885, men restaurert i 1921–23. På veggane har ein måla etterlikningar av søyler og på korveggen draperi.
Kyrkjegarden er nokså kupert, og delar av han er terrassert. Dypvåg prestegard ligg aust-nordaust for kyrkja.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Agderkultur Kunsthistorie.com
mini|venstre|
Kategori:Kyrkjer i Tvedestrand Kategori:Norske kyrkjer frå 1640-åra Kategori:Kyrkjer i Aust-Nedenes prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Tvedestrand Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Agder