Valdiviajordskjelvet eller det store chilenske jordskjelvet skjedde søndag 22. mai 1960 og er det kraftigaste jordskjelvet som nokon gong er registrert med ein styrke på 9,5 på momentmagnitudeskalaen. Det skjedde i Chile på ettermiddagen kl. 15:11 lokal tid og førte til ein tsunami som råka Sør-Chile, Hawaii, Japan, Filippinane, austlege New Zealand, søraustlege Australia og Aleutane.
Episenteret låg nær Lumaco, kring 570 km sør for Santiago, og Valdivia vart den byen som vart hardast råka. Skjelvet skapte lokale tsunamiar som trefte den chilenske kysten med bølgehøgder opp mot 25 meter. Hovudtsunamien raste over Stillehavet og råka Hilo på Hawaii hardt. Bølgjer så høge som 10,7 meter vart registrert 10 000 km frå episenteret, så langt borte som i Japan og på Filippinane.
Dødstala og skadeomfanget frå ein så vidtomfattande katastrofe er uvisse. Forskjellige estimat for dei totale dødstala etter skjelvet og tsunamiane er publiserte og ein studie frå United States Geological Survey har dødstal på 2231, 3000 eller 5700 omkomne og andre kjelder nyttar estimat på 6000 døde. Forskjellige estimat har estimert kostnaden til å variere frå USD 400 millionar til 800 millionar (eller 2,9 til 5,8 mrd. 2011 dollar, justert for inflasjon). Kjelder
Denne artikkelen bygger på «1960 Valdivia earthquake» frå , den 19. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Chilean earthquake and tsunami — University of Washington Tsunami of 1960 — George Pararas-Carayannis 22 May 1960 South Central Chile Tsunami Amplitudes — National Oceanic and Atmospheric Administration
Kategori:Jordskjelv i Chile Kategori:1960 i Chile Kategori:Jordskjelv i 1960 Kategori:Los Ríos-regionen Kategori:Tsunamiar på 1900-talet Kategori:Tsunamiar i Sør-Amerika Kategori:Tsunamiar i Nord-Amerika Kategori:Tsunamiar i Asia Kategori:Tsunamiar i Oseania