Karen Sundt () var ein norsk forfattar og journalist. Ho er kjend for sine «folkelege forteljingar som nådde fram til eit elles lite litteraturinteressert publikum».Norsk Allkunnebok. X. bandet:391 Eilert Sundt var farbror hennar.
Liv og gjerning Sundt var fødd i Farsund, der faren var skipper, seinare vart han tollbetjent i Langesund og familien flytta dit i 1852. Ho gjekk Sagatun Folkehøyskole i 1873, og levde sidan i mange år som korrespondent og/eller journalist i ymse aviser. Mellom anna leverte ho stoff til Verdens Gang og, medan ho budde i Skien, til bladtiltak i distriktet. I 1886 var ho redaksjonssekretær i Østlandsposten i Larvik.
Frå 1892 var Sundt busett i Kristiania. Ho livnærte seg sidan som forfattar av romanar som i stor grad vart omsett gjennom kolportasje. I sin svært omfattande litterære produksjon tok ho opp tema som vedkom folk i små kår, og med sympati for figurane og deira livssituasjon. Ho skreiv meir røyndomsnært enn mange andre forfattarar av same sjangertype, meiner Willy Dahl.
Ho døydde ugift i hovudstaden.
Kjelder Norsk Allkunnebok. X. bandet. 1965
Notar
Kategori:Folk frå Farsund Kategori:Norske romanforfattarar