Pitkevitchbreen er ein isbre, 37 km lang, som flyt nord frå Admiralty Mountains langs vestsida av DuBridge Range. Isbreen når sjøen like aust for Atkinson Cliffs, der han dannar Anderson Icefalls. Ein del av enden flyt nordvestover og saman med Fendleybreen. Han vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960-63. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter sersjant Leonard M. Pitkevitch i United States Air Force (USAF), som omkom då eit C-124 Globemaster-fly styrta i nærleiken i 1958.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Pennell Coast