Rebuffbreen er ein sidebre som stig ned frå Deep Freeze Range og ut i Campbellbreen 7 km søraust for toppen av Mount Mankinen i Victoria Land. Han vart namngjeven av den nordlege geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1962–63, fordi gruppa vart hindra frå å nå fram til breen. Rebuff tyder avvising på engelsk.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Scott Coast