Jamalo-Nenetsk er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det er ein del av Tjumen oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Salekhard, arealet er 683 976 km² og innbyggjartalet er 547 010 (2021). Den største byen er Nojabrsk.
Jamalo-Nenetsk ligg heilt nordvest på den sibirske sletta. I nord ligg Nordishavet. Her munnar elva Ob ut i ei nesten 1000 kilometer lang vik eller fjord, Ob-golfen. Området er for det meste lågland, men i vest omfattar det dei nordlegaste utløparane av Uralfjella – det høgste punktet er fjellet Pajer (1499 moh.) Havet er frose store delar av året, og landskapet er for det meste tundra. Berre i sør finst det litt skog. Middeltemperaturen i januar er –25 grader celsius, i januar +7 grader celsius.
I 1962 vart det funne store petroleumsforekomster i Jamalo-Nenetsk. Over 90 % av all naturgass i Russland blir utvunnen her, og også mykje olje. Området er òg eit av dei områda i Russland der det blir drive mest reindrift, hovudsakleg av urfolka. Dessutan førekjem det ein del oppdrett av pelsdyr.
Grunna oljenæringa har Jamalo-Nenetsk hatt stor innvandring frå resten av Russland og utlandet òg. Dermed utgjer urfolket no berre ein liten del av folket. Dei største etniske gruppene er:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 Russarar - 59,7 % Ukrainarar - 9,4 % Nenetsar - eit samojedisk folkeslag - 5,7 % Tatarar - 5,5 % Khantiar - 1,8 % Aserbajdsjanarar - 1,8 % Basjkirar - 1,6 % Kviterussarar - 1,2 % Komiar - 1,0%
Historie Området har vore busett av nenetsar iallfall sidan det første tusenåret e.Kr. På 1000-talet kom kjøpmenn frå Novgorod til dette området. Sidan rundt 1500 hevda herskarane i Moskva overherredøme, men først i 1595 vart det første russiske støttepunktet oppretta - festninga Obdorsk (dagens Salekhard). Utover 1700-talet utvikla dette seg til ein handelsplass der russiske handelsfolk bytte til seg pelsverk, fisk, elfenbein av mammut og kvalrosstenner.
Etter den russiske revolusjonen vart sovjetisk styre oppretta i april 1918. Det jamalo-nenetsiske nasjonale distrikt vart oppretta i 1930. I Stalin-tida fanst det fangeleirar som var del av gulag-systemet her, og slavearbeidskraft frå desse leirane bygde mellom anna ei jernbanelinje austover frå Salekhard.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart området eit av føderasjonssubjekta i den uavhengige russiske føderasjonen.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske føderasjonssubjekt