Garrardbreen er ein isbre i Queen Alexandra Range i Antarktis, som flyt austover frå firnområdet mellom Mount Lockwood og Mount Kirkpatrick og ut i Beardmorebreen sør for Bell Bluff. Det verkar som om Terra Nova-ekspedisjonen gav namnet «Garrardbreen» til ein bre som hadde blitt kalla Bingleybreen av Ernest Shackleton i 1908. Området vart kartlagt av geolog-gruppa frå New Zealand (1961–62), som heldt på namnet Bingleybreen og gav denne då namnlause breen namnet Garrardbreen. Han er kalla opp etter Apsley Cherry-Garrard, ein zoolog med den britiske antarktisekspeidsjonen.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Ross Dependency Kategori:Shackleton Coast