Wahlbreen er ein isbre i Antarktis som er 18 km lang, og som flyt nordvest frå Grindley Plateau og ut i øvre Lennox-Kingbreen vest for Mount Mackellar. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Bruno W. Wahl, ein tysk-amerikansk fysikar og rakettforskar. I 1961-1962 overvintra dr. Wahl ved McMurdo-basen i lag med fire menn frå marinen for å måle nivåa til Van Allen-beltet for romprogrammet til USA. Han var den første tyskaren som nokon gong vitja Sørpolen.

Isbreen ligg 5630 km sør for Sydney i Australia, og 678 km sør for McMurdo-basen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Wahlbreen Station Wahlbreen Research

Kategori:Isbrear i Ross Dependency Kategori:Shackleton Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter tyskarar