Steershead Crevasses er eit stort område med bresprekkar som ligg 110 km sør for Roosevelt Island aust i Rossisen i Antarktis. Konturen av bresprekkane minnar om eit svært ror (steer's head på engelsk). Dette er eit unikt landemerke når ein flyg i ei direktelinje mellom McMurdo-basen og Byrd-stasjonen og pilotar frå U.S. Navy nytta ofte «roret» som eit navigasjonspunkt. Dette merka Kenneth Bertrand og Fred Alberts på ein flytur i november 1962 frå McMurdo til Byrd. Etter forslaget deira vart namnet Steershead Crevasses godkjend av U.S. Advisory Committee on Antarctic Names.
Kjelder
Kategori:Bresprekkfelt i Ross Dependency