Counts Icefall er ein bratt, isfall med store bresprekker ved samløpet mellom Ford Massif og vestenden av Bermel Escarpment i Thiel Mountains. Han vart kartlagt av gruppa frå US Geological Survey som vitja Thiel Mountains, 1960–61, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter kapteinløytnant William D. Counts i U.S. Navy som mista livet då eit P2V Neptune-fly styrta kort tid etter avgang frå Wilkes-stasjonen den 9. november i 1961.
Mount Counts er òg kalla opp etter William Counts, som var ved Air Development Squadron Six (VX-6) under styrten.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Counts Icefall» frå , den 26. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Isfall i Antarktis Kategori:Geografi i Ellsworth Land