Sandstad kyrkje er ei langkyrkje frå 1888 i Hitra kommune i Trøndelag.

Ved bygginga nytta ein dei same teikningane som for Hallaren kyrkje på Frøya nokre år tidlegare, utarbeidd av arkitekt Henrik Nissen. Byggmeister Hovde stod for bygginga. I 1954–55 var det ei større restaurering der Daniel Skipnes dekorerte kyrkja innvendig. Han laga òg brudestolar og teikna lysekroner.

Kyrkjegarden vart teken i bruk i august 1883. I 1921 var kyrkjegarden full, og ein ny vart teken i bruk om lag 1 km frå kyrkja.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Hitra Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Kulturminne i Hitra Kategori:1888 i Noreg Kategori:Henrik Nissen