Haugianerne er eit måleri av Adolph Tidemand som framstiller ei gruppe haugianarar som lytter til ein lekpredikant i ei stove.
Tidemand arbeidde med motivet frå 1845 til 1852, og det finst fleire versjoner av bildet. Ein teikning er datert 1845, og måleriet er kjent i versjonar datert 1848, 1852 og 1865.Marit Lande. PÅ Adolph Tidemands tid. Ursus forlag, 2004. ISBN 82-996758-1-2 Nasjonalgalleriet eig eit av dei, Mandal museum, har stilt ut bildet frå 1865, medan Düsseldorfs kunstmuseum museum Kunst Palast har eit anna som dei fekk tak i som del av sin kontakt med elevane ved Kunstakademie Düsseldorf. Tidemand var elev ved akademiet då han måla bildet.
mini|Haugianerne reprodusert som litografi i Norske Folkelivsbilleder frå 1854. Bildet framstiller ei gruppe folk, til dels i norske folkedraktar, som er samla inne i ei årestove eller røykomnstove. Dei er opplyste av lys frå ein ljore. Ut frå tittelen forstår ein at den ståande mannen midt i bildet er ein lekpredikant knytt til haugianarrørsla, som var ei norsk kristen vekkingsrørsle tidleg på 1800-talet. I bildet vidareførar Tidemand ein sjanger som nyttar den strenge bildebygginga ein finn i tradisjonelt historiemåleri, på motiv henta frå folkelivet.Haugianerne hos cappelendamm.no
Ein rekner med at mange av personane er måla etter tyske modellar; ein målarkollega frå Düsseldorf stod modell for predikanten. Mannen i kubbestolen er Baard Olavson Mo frå Kvam i Hardanger som var ven av Tidemand og ein truande Haugianer. Tidemand måla også eit separat bilde av han, Sittende bonde.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Haugianerne» frå , den 25. august 2018.
Bakgrunnsstoff Haugianerne i gigapixeloppløsning fra Google Art Project
Kategori:Norske måleri Kategori:Historiemåleri Kategori:Måleri frå 1800-talet Kategori:Kunstverk frå 1848 Kategori:Haugianisme Kategori:1848 i Noreg Kategori:Adolph Tidemand