Martin Fourcade () er ein fransk skiskyttar frå Perpignan i Languedoc-Roussillon. Han har fem VM-gull og vann verdscupen i skiskytingbåde i 2012 og 2013. Skiskyttaren Simon Fourcade er ein eldre bror.
Aktiv Fourcade fekk sitt gjennombrot då han under vinter-OL 2010 tok sølvmedaljen på fellesstarten, vel ti sekundar bak vinnaren Jevgenij Ustjugov frå Russland. Nokre veker etter vinterleikane fekk han sin fyrste pallplass i verdscupen, ein tredjeplass i den såkalla sprint-tevlinga i Kontiolahti. Plasseringa viste seg å vere utgangspunktet for hans fyrste siger i verdscupen, med ein strafferunde på jaktstarten gjekk han heilt til topps.
Han vann jaktstarten under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk, etter han fyrst tok sølv på 7,5 km, og fekk elles ein bronse med det franske laget i mix-stafett. Året etter vann han både sprinten (7,5 km), jaktstarten og fellesstarten under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding, og tok sølv med Frankrike i 4x7,5 km stafett. mini|left|Martin Fourcade i 2010 Allereie i 2011 kom Fourcade på tredjeplass i verdcupen i skiskyting. Fourcade vann så verdscupen i skiskyting for 2012] etter å ha vunne ni renn. I 2013 kopierte han sigeren i verdscupen, då vann han heile ti renn. Både i 2012 og -13 hadde han sterkast konkurranse av Emil Hegle Svendsen. Pr 31. januar 2014 har Fourcade vunne 26 renn i verdscupen.
I VM i skiskyting 2013 i Nové Město tok Fourcade tre strake sølvmedaljar, på høvesvis mix-stafett, 7,5 km og 12,5 km jaktstart, der førnemnde Svendsen i alle tre øvingane stod øvst på sigerspallen. Fourcade vann så gullmedaljen på 20 km.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Franske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Medlemmar i Den internasjonale olympiske komitéen