Vasto er ein by og ein kommune i provinsen Provinsen Chieti i regionen Abruzzo i Italia. Kommunen har om lag 39 000 ibuarar og eit areal på 70,7 km². Byen Vasto ligg ein kilometer frå Adriahavet, då det ikkje er ei naturleg hamn på kysten.
Byen har fleire gongar vorte råka av jordskjelv, det siste i 1956. Vasto har likevel vore i sterk utvikling etter 2. verdskrigen. Staden har fått meir industri, og har begynt å satse på turisme. Strendene ved Marina di Vasto litt sør for byen, samt avdekking og utstilling av mange av bygningane frå romartida, dannar grunnlaget for turistnæringa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vasto» frå , den 5. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Abruzzo Kategori:Byar i Italia