Elliott Rock er ein holme som ligg i Stewart Strait, like vest for Birdøya, utanfor vestenden av Sør-Georgia. Han vart plassert på kartet av eit lag frå Discovery Investigations under kapteinløytnant J.M. Chaplin i perioden 1926–30 og vart namngjeven i 1957 av UK Antarctic Place-Names Committee etter Henry W. Elliott (1846–1930), ein amerikansk naturforskar som var ein av dei første til å studere pelssel i Nordlege Stillehavet og som heile livet prøvde å verne pelsselane. Pelsselar ynglar på den nærliggande Birdøya.
Kjelder
Kategori:Klippeformasjonar på Sør-Georgia