Aleksandr Gennadjevitsj Legkov () er ein russisk langrennsløpar frå Krasnoarmejsk i Moskva oblast. Han vann Tour de ski i 2013 og vart nummer to i verdscupen i langrenn same sesongen.
Aktiv Legkov fekk sin meisterskapsdebut under ski-VM 2005 i Oberstdorf, med ein 48. plass som best. Året etter deltok han i vinter-OL i Torino og vart nummer 20 på femmila.
«Tour de ski» 2006/07 vart Legkovs store gjennombrot, der han enda på andreplass, slått einast av tyske Tobias Angerer. To veker seinare tok han sin første siger i verdscupen, ein 30 km fellesstart fristil i Rybinsk. Under ski-VM 2007 fekk han ein sølvmedalje med Russland sitt stafettlag.
Legkov vann sitt andre verdscuprenn i Lahti i mars 2009, ein 15-kilometer i fristil og den tredje på «mini-touren» i Kuusamo i november 2010. Hans fjerde verdscupsiger kom 6. januar 2013 då han sikra seg sigeren i «Tour de ski», som aller første russar. Seinare i sesongen vann han 50 km i Holmenkollrennene. Han tok bronse med det russiske stafettlaget i ski-VM 2013.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Dopingsaker i langrenn