mini|350px|Gravferda åt Atahualpa Inkarikets fall er historia om korleis inkadynastiet tapte makta over inkariket til Spania. Det gjekk nærare 25 år frå europearane først kom til Stillehavet (25. september 1513) og fekk høyre om eit gulland i sør, til inkaene i røynda tapte riket til den spanske krona med slaget i Cajamarca og dei spanske conquistadorane kontrollerte inkariket. Slaget som avgjorde utfallet tok om lag 2 timar, kosta dei innfødde ca. 6-7000 liv utan at nokon spanjolar vart såra.

Det kom fleire mindre motåtak og eitt alvorleg opprør. Frå tidspunktet då den spanske conquistadoren Francisco Pizarro på erobringstoktet gjekk i land i byen Tumbes lengst nord i det moderne Peru våren 1532 skulle det gå vel fire år fram til siste store motstanden mot inntrengjarane vart slegen ned. Det skjedde etter det mislukka inkaopprøret i 1536 i Cuzco under leiing av inkamarionetten Manco Cápac II. Etter dette opprøret eksisterte ei lita sjølvstendig statsdanning for dei siste inkaene og herskarklassen med senter i Vilcabamba over ein periode på 36 år, leia av Manco Cápac og etterfylgjarane hans. I 1572 vart den siste inka og dei øvste hærfolka hans teken av spanske styrkar. Hendinga i 1572 stadfesta endeleg inkarikets fall sjølv om det er meir rett å vise til 16. november 1532 med slaget i Cajamarca. I Europa har maktovertakinga oftast vore nemnt som erobringa av inkariket.

Historisk ramme Sentrale personar i hendingane Huayna Cápac var den som førte ekspansjonen av riket til endes, og den siste inka i det sameinte riket. Han møtte aldri menneskja som kom frå Europa, men høyrde om dei som vitja kysten av Sør-Amerika. Somme krøniker seier at Huayna hadde tatt ei avgjersle om å splitte riket i to delar, men det får vi aldri stadfesta. Huáscar (1503–1532) son av Huayna Cápac. Leiarar i Cuzco peika ut Huáscar til inka i Cuzco og han hadde i starten stønad frå lojale folk i store delar av riket med unntak frå Quito-provinsen. Atahualpa (ca 1502–1533) var halvbror til Huáscar og voks opp i Quito og etter det krøniker fortel fekk han styre i Quito i ei rolle som provinsguvernør allereie då faren inka Huayna Cápac levde. Då spanjolane sette inn åtaket i 1532 hadde han slått styrkane til Huáscar og sette Huáscar i fangenskap. Francisco Pizarro (ca 1475–26 juni 1541) er den europear som har fått æra av å ha erobra inkariket. 26. juli 1529 fekk han løyve frå den spanske krona til å «oppdage» og erobre Peru med tittelen guvernør og overhovud for Peru. Diego de Almagro (1475–26 april 1538) var den andre spanske conquistadoren med løyve til å erobre land i Sør-Amerika, men sør for Peru. Han var med i Pizarro sitt erobringstokt. Almagro og Pizarro var lenge vennar, seinare opponentar og kom i strid med kvarandre, noko som kom til å koste livet åt begge. Manco Cápac II var ein marionettinka sett inn av Francisco Pizarro. Også Manco var son av Huayna Cápac.

Europa Rundt år 1500 hadde dei kristne herskarane i Spania nett gjort ferdig «reconquista», dei hadde tatt heile Den iberiske halvøya attende frå nordvestafrikanarar som kom på 700-talet. Den ubundne spanske inkvisisjonen var skipa, det vart utvikla ein systematisk rasistisk ideologi, limpieza de sangre, («blodets reinleik»), og jødar og andre etniske folkegrupper som ikkje lét seg døype vart drivne ut av Spania.

Alexander VI frå Valencia var pave frå 1492 til 1503 og vart etterfylgd av ei rekke italienske pavar med ei kort mellombels pavegjerning av den tyske pave Hadrian VI frå 1522 til 1523. Hadrian VI var og lærar for Carlos I (Karl V). Carlos I var den første spanske konge frå 1516 til 1656. Det var danna ein allianse mellom kongemakt og den katolske kyrkja i landet, og kyrkja var sterkt involvert i koloniseringa av «den nye verda» som no var i ei byrjing. Alexander VI godkjende erobringa av nye koloniar, berre innbyggjarane vart døypt til den katolske trua. Ferdene vestover i 1492 og dei komande tiåra hadde likskapar med krosstoga. Alt i år 1500 var delar av de store øyene i Vest-India under spansk herredømme og Tenochtitlan og aztekarane i Mexico vart erobra i 1521 og encomienda var godt utbygd i dei områda som var koloniserte.

Inkariket Ein kan omtale inkariket som ein stat av mange tidlegare åtskilde kulturar, nokon av desse kulturane hadde røter attende til sivilisasjonar med eit opphav frå kring år 200, som moche og wari. Då dei første europearane kom til Sør-Amerika hadde inkariket vist seg som ein statseining med eit sterkt leiarskap. Inka Huayna Cápac var eit respektert og ovundra statsoverhovud over heile riket. Men inkariket var ein ung stat, han var mest ein føderasjon av mindre einingar med sjølvstyre, med ei sterk sentral leiing godt hjelpt av eit vel utvikla system for militær og sivil administrasjon.

Borgarkrigen Både Huayna Cápac og den første arvingen hans Ninan Cuyuchi døydde i kopparepidemien mellom 1525 og 1527. Ein stod då att med svekka leiarskap i staten som gav utspring til ein rask undergangen for riket. Sentralt i denne prosessen stod konflikten mellom to stridande partar, Huascar og Atahualpa, begge søner åt Huayna Cápac.

Det er ikkje klart om Huayna Cápac utnemnde Huascar til herskar. Huascar var kjent for si gruelege framferd og var nær ved å drepe søster si og mor si. Trass desse karaktertrekka var han godt likt i dei sørlege regionar av riket og hadde stønad i heile riket med unntak frå Quito. Atahualpa derimot var vald til å regjere i nordriket, det som var kjent som kongeriket Quito og var delar av dagens Ecuador og sørlege Colombia.

Etter få relativt fredfulle år braut det ut krig mellom dei to brørne. Militærstyrkane til Huascar åtok Quito og hadde først krigslykke, men styrkar lojale til Atahualpa slo tilbake og dreiv Huascar attende gjennom Andesfjella mot Cuzco. I eit slag utanfor byen vann Quito-styrkane og Huascar vart fanga. Atahualpa sin general Quisquis erobra Cuzco og førte i gjennom ei utrydding av familien åt Huascar og andre som kunne gjere krav på trona. Det er estimert at 100 000 menneskjer vart drepne i denne blodige striden. Mange vart lemlesta, kroppar vart hengt opp på spyd for visning, og nærare 1 500 medlemer av dei kongelege vart myrda framføre Huascar, blant dei også hans eigne born. Atahualpa sjølv tok ikkje del i gjerningane i Cuzco, men gjennomførte straffetiltak blant cañarifolket i Quito-provinsen.

Mot slutten av 1532 var det militære forsvaret av riket organisert omkring tre generalar, Chalcuchima fekk ansvar for midtriket, Quisquis var i Cuzco medan Rumiñavi blei ståande igjen i nord. Atahualpa reiste no sjølv sørover i retning Cuzco. Det vart ein høg pris for gjerningane til Atahualpa og styrkane hans. Krigen hadde medverka til å svekke riket og akkurat no i dette kritiske augeblikket i riket si historie var det at dei spanske conquistadorane under Francisco Pizarro kom til byen Tumbes i Nord-Peru. Det var då berre ruinar att av byen etter borgarkrigen.

Erobringa av sentrale og sørlege delar av riket Pizarro sitt endelege erobringstokt starta frå Panama 27. desember 1530 starta med 180 mann og 37 hestar. I april–mai 1532 nådde dei fram til Tumbes og dei starta på framrykkinga innover i landet frå den nye spanske byen San Miguel de Piura.

Cajamarca 1532 – 1533 mini|Cajamarca, med Santa Appollonia-haugen i forgrunnen. Samstundes hadde Atahualpa eit opphald i Cajamarca på reisa mot Cuzco med hæren sin, Cajamarca ligg berre ca. 550 kilometer frå Piura. Det er skrive at Pizarro starta marsjen frå Piura mot Cajamarca den 24. september. Atahualpa og Pizarro viste om kvarandre og der den andre var etter at ein utsending frå Atahualpa hadde vitja Pizarro i Piura. Det var to vegar mellom Piura og Cajamarca. Pizarro kunne velje delar av hovudvegen Cápac Ñan i høglandet, men valde mest sannsynleg ei vestleg rute gjennom dagens region Lambayeque der han mellom anna passerte den historiske staden Batán Grande som var rik på gull. Ruta som Pizarro følgde gav store utfordringar i eit land med totalt ukjente forhold. Her var kryssing av elver med hestane, hete og tørke ved gjennomgang av ørkenområde og siste etappen mot Cajamarca eit bratt fjellpass på over 4000 moh. med kulde og eit strekk med ring veg. Langs inkavegane låg tambos (gjestehus) med matforråd. Folkesetnaden i området var ikkje vennleg ovanfor den nye inka Atahualpa, «quitoarane» hadde lagt på dei nytt pliktarbeid, mita. Tidleg den 15. november 1532 nådde Pizarro fram til ei høgde med utsyn over Cajamarca. Han var ikkje tvilrådig, men gjekk straks heilt inn i byen med styrkane sine, tok kontakt med Atahualpa same dagen og nytta natta til å planlegge korleis Atahualpa skulle nøytraliserast, kan hende etter tidlegare råd frå Hernán Cortés som fanga aztekarleiaren Moctezuma II i Tenochtitlan, Mexico i 1521.

Då Atahualpa vart boren inn på landsbyplassen i Cajamarca i berestolen sin framføre Pizarro sine løynde soldatar, var lagnaden for inkariket allereie avgjort. Brutaliteten i slaget i Cajamarca og seinare drapet på inkakongen var med på å bringe fram ein etisk debatt i Spania kring kolonialismen. Francisco Pizarro kom sjølv inkaen til unnsetning i kampen og redda han frå drap. Med det var Atahualpa fange hjå spanjolane, same kvelden åt Atahualpa og Pizarro kveldsmat saman og maktsituasjonen i inkariket var totalt snudd om.

mini|Løysepengerommet, El Cuarto del Rescate, er eit opent museum i Cajamarca. Bygningen har større mål enn løysepengerommet kjent frå krønikeskrivarane, John Hemming skriv at bygningen som vert vist fram truleg var del av eit tempel og kan vere rommet som vart nytta som fengsel for Atahualpa. Sjølv om fleire tusen indianske krigarar og nobilitetar var drepne i slaget, var det framleis ein mykje stor styrke i leirområdet til inkaene utanfor byen. Spanjolane tillét Atahualpa kontakt med styrkane sine og han instruerte dei til å lyde dei spanske conquistadorane. Spanjolane nytta derfor høve til å plyndre leiren og dei vart forundra over der store gullskattar dei fekk med seg. Atahualpa merka seg gullappetitten spanjolane synte, og ville nytte det til sin eigen føremon. Han skjønte at motivasjonen for den spanske styrken ikkje var anna enn å få ut mest mogleg av gull- og sølvskattar til seg sjølv og til kongen. Det var då han kom med det vidkjente løysepengetilbodet til Pizarro som gjekk ut på at inkaen ville samle inn gullskattar som fylte eit fastsett rom om Pizarro gav han fridomen attende. I tillegg til gullskattane ville Atahualpa samle nok sølv til å fylle rommet to gonger. Dette skulle skje innan to månader. Rommet hadde flatevidd på 17 gonger 22 fot og skulle fyllast til over 8 fot i høgda. Pizarro gjekk med på tilbode og lét Atahualpa skjøne at han kunne reise til Quito når gullet var kome inn.

Atahualpa gav ordrar til sine underordna sjefar om å samle inn skattane. I det heile synte ikkje Atahualpa stor otte for situasjonen som fange, han var framleis forgjord i borgarkrigen med Huascar og frykta ein allianse mellom Huascar og Pizarro. Derfor Atahualpa ordre om å avrette Huascar, og det skjedde ikkje langt frå Cajamarca.

Mykje gull kom inn til løysepengerommet dei to første månadene frå ulike delar av landet, spanjolane begynte å smelte det om for å få plass til meir, men dei vart utolmodige av ventinga. Det var Atahualpa sjølv som foreslo å plyndre to av dei templa han meinte kunne gje mest: Coricancha i Cuzco og templet i Pachacamac. Han trudde at spanjolane ville forlate landet om dei berre fekk med seg desse største skattane.