Vredefort-krateret er det største stadfesta meteorittkrateret på jorda. Det ligg i Free State-provinsen i Sør-Afrika, nær byen Vredefort, som han har namn etter. Krateret vert òg kalla Vredefort-domen, eller Vredefort impact structure.

Asteroiden som trefte Vredefort er ein av dei største som har treft jordoverflata og det er rekna ut at han han ha hatt ein diameter på meir enn 10 km. Krateret har ein diameter på ca. 300 km og vart danna for 2 023 millioner år, i den paleoproterozoiske tidsalderen, noko som gjer krateret til det nest eldste på jorda, etter Suavjärvi-krateret i Karelia.

Vredefortkrateret er eit av få krater med mange ringar, ei form som er vanlegare andre stader i solsystemet, som til dømes Valhalla-krateret på Jupitermånen Callisto. Dei fleste fleir-ringforma kratera på jorda er øydelagde av erosjon eller platedrift.

Sjå òg

Kosmisk nedslag

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vredefort-krateret» frå , den 10. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

unep-wcmc.org: faktaark Earth Impact Database Hartebeesthoek Radio Astronomy Observatory: faktaark Satellite image of Vredefort crater from Google Maps

Kategori:Krater i Sør-Afrika Kategori:Krater frå proterozoikum Kategori:Masseutryddingar Kategori:Geografi i Free State Kategori:Verdsarv i Sør-Afrika