Sorø er ein by på Vestsjælland 75 km vest for København i Danmark med (2013) innbyggjarar. Byen ligg i Sorø kommune og er sete for det folkevalde Regionsrådet og administrasjonen av Region Sjælland.

Sorø oppsto på 1100-talet da stormannen Asser Rig grunnla eit munkekloster på staden, men utvikla seg ikkje til by før etter at den hadde fått kjøpstadsrettar av Kristian IV i 1638.Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 268, ISBN 87-567-6203-8

I Sorø ligg Sorø klosterkyrkje frå 1100-talet som mellom anna er gravplass for Ludvig Holberg, den siste norske mellomalderkongen Olav IV av Noreg og bestefaren Valdemar Atterdag. Sorø Akademi ligg i tilknyting til kyrkja.

Venskapsbyar Sorø har fire venskapsbyar; Eidsvoll, Skara i Sverige, Fljótsdalshérað på Island og Pruszcz i Polen.Venskabsbyer frå Sorø Kommune (Vitja 13. februar 2014)

Kjelder

Kategori:Byar i Region Sjælland Kategori:Sorø kommune