Early Bluff er ein høg skrent på sørsida av Kohler Range i Marie Byrd Land i Antarktis. Han ligg ved austsida av Kohlerbreen ved enden der denne sidebreen flyt nordover frå Smithbreen. Han vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959–66 og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Thomas O. Early, ein geolog i US Antarctic Research Program med kartleggingsgruppa i Marie Byrd Land, 1966–67.
Kjelder
Kategori:Klipper i Marie Byrd Land