mini|Satellittbilete av området Lake Bonney er ein salt innsjø med permanent isdekke ved vestenden av Taylor Valley i McMurdo Dry Valleys i Victoria Land i Antarktis.
Han er 7 km lang og opp mot 900 m brei. Ein smal kanal som bere er 50 meter brei (Lake Bonney at Narrows) deler innsjøen i East Lake Bonney (3,32 km2) og West Lake Bonney (0,99 km).
Sør og nord for innsøjen ligg toppar på over 1500 moh, og Taylorbreen er plassert på kartet vest for innsjøen. Han er 40 meter på det djupaste og ligg under eit 3 til 4,5 meter isdekke.
Han vart først vitja av den britiske antarktiskekspedisjonen i 1901-1904 og vart namngjeven av Scott-ekspedisjonen i 1910-1913, etter Thomas George Bonney, ein geologiprofessor ved University College London frå 1877 til 1901.
Lake Bonney er ein av hovudinnsjøane som vert studert av National Science Foundations i McMurdodalen.
Frå 2007 har NASA finansiert ein robot som kan søkkast i vatn, kalla ENDURANCE for å utforska innsjøen og økologien her. Roboten vart bygd av Stone Aerospace. Forskarar har oppdagga eit eldgamalt økosystem under Taylorbreen, ved sidan av Lake Bonney. Dette økosystemet overlever ved å omforme svovel og jern for å vekse.http://worldwidenewslinks.blogspot.com/2009/06/below-antarctita.html
Arbeidet vert nytta som eit ledd i utviklinga av ein sjølvstyrt undervassrobot som kan utforske havet på Jupitermånen Europa.
Tilsig Lake Bonney får vasstilførsel frå fleire bekkarhttp://www.mcmlter.org/data/streams/locations/strmdesc.dat: Bartlette Creek Bohner Stream Doran Stream (tilsig til Priscu Stream) Lawson Creek Lizotte Creek Lyons Creek Mason Creek Priscu Stream (den lengste på 3,8 km) Red River Santa Fe Stream Sharp Creek Vincent Creek
Sjå òg Blood Falls, ei utstrøyming ved Taylorbreen som inneheld jernoksid som fargar vatnet raudt og som flyt ut på isen på Lake Bonney.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Bonney (Antarctica)» frå , den 21. februar 2014. oppgav desse kjeldene: U.S. Geological Survey, Geographic Names Information System. Vitja januar 2008
Space Daily April 22, 2007. Vitja januar 2008
Bakgrunnsstoff Lake data Satellite map Lake Bonney panoramic picture
Kategori:Innsjøar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys Kategori:Saltsjøar Kategori:Endorheiske innsjøar i Antarktis