Sigourney Weaver () er ein USA-amerikansk filmskodespelar og filmprodusent frå New York. Ho fekk gjennombrotet sitt i Woody Allen sin dramafilm Annie og jeg i 1977, og hadde si fyrste hovudrolle i 1979, da ho skildra Ellen Ripley i kassasuksessen Alien – den 8. passasjeren. Weaver har seinare skildra den same rollefiguren i tre oppfølgjarar: Aliens (1986), Alien 3 (1994) og Alien: Oppstandelsen (1997). Rolleskildringa i Aliens gav Weaver den fyrste oscarnominasjonen sin, ein nominasjon som i dag er ansett som ein milestolpe inna godkjenninga av science fiction, action og grøssarar. Rollefiguren blir sett på som sentral i arbeidet med å utfordra kjønnsroller på film, og har gjentekne gangar blitt stemt fram som den beste heltinna i filmhistoria.

Weaver har elles hatt roller i filmsuksesser som Ghostbusters (1984), Ghostbusters II (1989) og Avatar (2009). Ho har blitt nominert til Golden Globe-prisar sju gongar, og har vunne to gongar: ho vann prisen for beste kvinnelege hovudrolle i ein dramafilm med I gorillaens rike og beste kvinnelege birolle for Working Girl, båe under prisutdelinga i 1989. Med dette vart ho den fyrste personen til å vinne to skoeselarprisar på same Golden Globe-utdeling. Ho vann også ein BAFTA-pris for beste kvinnelege birolle for rolla i The Ice Storm (1997). I tillegg til dette har ho blitt nominert tre gongar til Oscar-prisen, tre gongar til Emmy-prisen og seks gongar til Saturn Awards (av desse har ho vunne to stykk).

Ho har også hatt roller i filmar som Brennpunkt Djakarta (1982), Dave (1993), Death and the Maiden (1994), Copycat (1995), A Map of the World (1999) og Galaxy Quest (1999). Sigourney Weaver har også vist seg på TV-skjermen med skrekkfilmen Snow White: A Tale of Terror (1997), dramafilmen Prayers for Bobby (2009) og den politikkrelaterte miniserien Political Animals (2012). Ho har fått tilnamnet «dronninga av science fiction» på grunn av sine mange bidrag til science fiction-historia. Weaver har også hatt mindre biroller i film- og TV-suksesser som Futurama (2002), WALL-E (2008), Paul (2011) og The Cabin in the Woods (2012).

Weaver har også hatt talrike roller på scena, og blei nominert til ein Drama Desk-pris for prestasjonen i musikalen Das Lusitania Songspiel (1980). I dette stykket var ho også medforfattar med klassekameraten Christopher Durang. Ho ble elles nominert til ein Tony-pris for beste kvinnelege birolle for rolleskildringa i Broadway-stykket Hurlyburly (1984). Weaver vende tilbake til Broadway-scena for fyrste gang på 15 år i 2013, da ho skildra filmstjerna Masha i det Tony-vinnande skodespelet Vanya and Sonia and Masha and Spike.

Filmar (ufullstendig liste) År Film Norsk tittel Rolle 2006 Infamous Beryktet Babe Paley The TV Set Lenny Happily N'Ever After Rieda Snowcake Linda Freeman 2004 Imaginary Heroes Sandy Travis The Village Alice Hot 2003 Holes Warden Walker 2002 Tadpole Eve Grubman 2001 Heartbreakers Max Conners/Angela 1999 Galaxy Quest Gwen DeMarco/Lieutenant Tawny Madison 1997 The Ice Storm Janey Carver Alien: Resurrection Ellen Ripley 1995 Jeffrey Debra Moorhouse Copycat Helen Hudson 1994 Death and the Maiden Paulina Escobar 1993 Dave Ellen Mitchell 1992 1492: Conquest of Paradise Dronning Isabella Alien³ Ellen Ripley 1989 Ghostbusters II Dana Barrett 1988 Working Girl Katharine Parker Gorillas in the Mist: The Story of Dian Fossey Dian Fossey 1986 Aliens Ellen Ripley Half Moon Street Dr. Lauren Slaughter 1985 Une femme ou deux Jessica Fitzgerald 1984 Ghostbusters Dana Barrett 1982 The Year of Living Dangerously Jilly Bryant 1981 Eyewitness Tony Sokolow 1979 Alien Ellen Ripley 1977 Annie Hall Jenta med Alvy utanfor kinoen

Teater År Produksjon RolleMerknad 1971 Better Dead Than Sorry Jenny Yale Cabaret1972 Story Theatre Williamstown Theatre Festival Sarah B. Divine! Anita, the Eternal Maid Williamstown Theatre Festival The Resistible Rise of Arturo Ui Dockdaisy Williamstown Theatre Festival The Rat Trap Cynthia Muldoon Williamstown Theatre Festival Once in a Lifetime Florabel Leigh Williamstown Theatre Festival The Elephant Calf Williamstown Theatre Festival 1973 Stormen Yale Repertory Theatre 1973–74 Watergate Classics Yale Repertory Theatre1974 Rise and Fall of the City of Mahagonny Yale University Theatre The Nature and Purpose of the Universe Eleanor Direct Theatre The Frogs Kormedlem Yale Repertory Theatre 1975 The Constant Wife Marie-Louise Durham Shubert Theatre (avløysar)1976 Titanic Lidia / Annabella / Harriet Direct Theatre Das Lusitania Songspiel Van Dam Theatre Gemini Judith Hastings Playwright's Horizons 1977 Marco Polo Sings a Solo Freydis Public/Newman Theatre1978 Conjuring an Event Annabella American Place Theatre A Flea in Her Ear Hartford StageThe New York Times, 13. januar 1978. Gussow, Mel. «A Flea in Hartford's Ear» 1979 New Jerusalem Public TheaterThe New York Times, 16. februar 1979. Gussow, Mel. «An Evening in New Jerusalem; On the Trail of Kef» 1980 Das Lusitania Songspiel Westside Theatre (ny versjon)Ho var også medforfattar med Christopher Durang.1981 Beyond Therapy Prudence Phoenix Theatre Som dere vil ha det Rosalind Dallas Festival of Shakespeare 1982 Animal Kingdom Cecelia Henry Berkshire Festival 1983 Old Times Anna Williamstown Theatre Festival 1984–85 Hurlyburly Darlene Ethel Barrymore TheatreNominert—Tony-prisen for beste kvinnelege birolle i eit skodespel 1986 En sporvogn til begjær Stella Kowalski Williamstown Theatre Festival 1986–87 Kjøpmannen i Venedig Portia Classic Stage Company 1988 The Show-Off Clara Williamstown Theatre Festival 1996 Sex and Longing Lulu Cort Theatre 2001–02 The Guys Joan The Flea Theater 2002 The Mercy Seat Abby Prescott Acorn Theatre 2004 Mrs Farnsworth Marjorie Farnsworth The Flea Theater 2007 Crazy Mary Lydia Playwright's Horizons 2007, 2008 Love Letters Melissa Gardner To oppvisningar på The Flea Theater og The Detroit Film Theatre for velgjerd 2012–13 Vanya and Sonia and Masha and Spike Masha McCarter Theatre

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå New York City Kategori:Kvinnelege skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Kvinnelege skodespelarar frå 2000-talet Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 1900-talet Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 2000-talet