Lake Ellsworth er ein subglasial innsjø som ligg i Vest-Antarktis under kring 3,4 km med is. Han er kring 10 km lang og er estimert å vere 150 meter djup. Innsjøen er kalla opp etter den amerikanske oppdagaren Lincoln Ellsworth.

Utforsking Lake Ellsworth vart oppdaga i 1996 av den britiske forskaren Martin SiegertEvidence of Lake Ellsworth (1996) og er ein av 387 kjende subglasiale innsjøar i Antarktis. Han er ein av dei subglasiale innsjøane som vert forska på fordi ein spekulerer at mikrobar kan ha utvikla seg i dei unike habitata i dei subglasiale sjøane i Antarktis etter ein halv million år i isolasjon.Siegert, Martin J. og Lake Ellsworth Consortium, «Exploration of Subglacial Lake Ellsworth», Poster, University of Bristol, September 2004 Livet i slike innsjøar må tilpasse seg totalt mørkre, låge næringsnivå, høgt vasstrykk og isolasjon frå atmosfæren. Subglasiale sjøar er derfor unike biologiske habitat. Innsjøen er i flytande tilstand under isen fordi trykket frå den mange tusenmeter tjukke isen over fører frysepunktet til vatnet nedover. februar 2014/Antarctic-researchers-seek-life-in-lake-2-miles-under-ice.html Antarctic Researchers Seek Life in Lake 2 Miles Under Ice. av Alex Morales. September 7, 2012

Den 2. mars 2009 gav britiske Natural Environment Research Council ei gruppe britiske forskarar løyve til å bore ned til denne innsjøen i desember 2012. Borninga vart overvaka av Scientific Committee on Antarctic Research frå Det internasjonale vitskapsrådet.SALE plan for subglasial innsjø exploration Det britiske laget brukte 16 år på å utvikle teknologien til å utforske innsjøen ved hjelp av metodar som ikkje vil forureine vatnet kjemisk eller biologisk.Search for Life i Antarctic's Ice-Covered Lake Takes Off. av Trevor Stokes, 7. september 2012 Forskarane nytta varmt vatn til å bore eit borehol som er 36 centimeter breitt ned til isen i innsjøen, så vil ein sonde sendast ned for å hente sediment og analysere vatnet for mikroorganismar. Dette er ein test for å avgjere om liv kan oppstå i ekstremt trykk, kulde og næringsfattige miljø. Om gruppa ikkje finn liv, vil det syne at det finst ei grense for kvar det finst vatn og ikkje liv.

Sjå òg Innsjøar i Antarktis Vostoksjøen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Ellsworth» frå , den 23. februar 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

The Exploration of Subglacial Lake Ellsworth - The University of Edinburgh.

Woodward, J., A. M. Smith, N. Ross, M. Thoma, H. F. J. Corr, E. C. King, M. A. King, K. Grosfeld, M. Tranter, and M. J. Siegert (2010), Location for direct access to subglacial Lake Ellsworth: An assessment of geophysical data and modeling , Geophysical Research Letters, 37, L11501,

Ellesworth, Lake Kategori:Subglasiale innsjøar