Harnish Creek er ei elv av smeltevatn, 5,5 km lang, som flyt nord frå ein namnlaus isbre aust for Crescentbreen og ut i den austlege delen av Lake Fryxell i Taylor Valley i Victoria Land i Antarktis. Namnet vart foreslått av hydrologen Diane McKnight, leiaren for ei gruppe frå US Geological Survey (USGS) som gjorde omfattande studiar av hydrolog og geokjemi i området kring Lake Fryxell, 1987–94. Elva er kalla opp etter hydrologen Richard A. Harnish, som var medlem av feltgruppa i sesongane 1988–89 og 1990–91. Den siste sesongen assisterte han i opprettinga av målestasjonar i elvane som flyt ut i Lake Fryxell.

Kjelder

Kategori:Elvar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys