Kistler Valley er ein stort sett isfylt dal aust i sentrale delen av Dufek Massif i Pensacolafjella. Dalen ligg mellom Sapp Rocks og Forlidas Ridge og øvst i eit amfi mellom Nutt Bluff og Preslik Spur. Han er kalla opp etter Ronald W. Kistler, som var forskingsgeolog i US Geological Survey (USGS). Laboratorieforskinga hans og dei vitskaplege rapportane med A.B. Ford (1979–2000) om geokronologi og petrologi i intrusjonar i Dufek-massivet nord i Pensacolafjella var avgjerande for å forstå utviklinga til dette store vulkanske komplekset.

Kjelder

Kategori:Dalar i Queen Elizabeth Land