McMurdo Dry Valleys (Tørrdalane) er ei rekkje snøfrie dalar i Antarktis som ligg i Victoria Land vest for McMurdo Sound. Regionen er ein av dei mest ekstreme ørkenane i verda og fleire interessante stader ligg her, som Lake Vida og Onyx River, den lengste elva i Antarktis.
Klima mini|McMurdo Dry Valleys, Landsat 7-bilete frå desember 1999. Dry Valleys fekk dette namnet på grunn av den ekstremt låge fukta og mangelen på snø- og isdekke. Dei er òg tørre fordi fjella kring dalen er høge nok til å blokkere isstraumen frå Det austantarktiske isdekket. Med eit areal på 4800 km2 dekkjer dalane kring 0,03 % av kontinentet, og dannar den største isfrie regionen i Antarktis. Dalbotnen er dekkja av laus grus, der ein kan sjå strukturmark i form av iskiler.
Dei unike tilhøva i Dry Vallyes kjem delvis av katabatisk vind. Desse oppstår når kald, tung luft vert dradd ned fjellsider av tyngdekrafta. Desse vindane kan nå ein styrke på 320 km/h eller nesten 90 m/s, og vert varma opp når dei fell ned, slik at alt vatn, is og snø fordampar.Lloyd, J & Mitchinson, J: The Book of General Ignorance. Faber & Faber, 2006.
Geologi mini|ASTER-bilete av Dry Valleys. Dalane skjer gjennom Beacon Supergroup, i tillegg til eldre granittar og gneisar frå Ross-orogenesen. Morene, avsette direkte på isen, finst langs berggrunnen. DEsse morenene er relativt tynne og spreidde, og skil seg stort frå dei svære, gjørmerike morenene på den nordlege halvkula. Ei av årsakene til dette er at morenene i Dry Valleys vart avsette is med kald botn, medan morenene i nord stort sett vart avsett i våte tilhøve med stort smelting av undersida av breane og breoverflata.
Liv mini|Uvanlege bakteriar finst i Blood Falls ved tunga av Taylorbreen, oppom den isdekte overflata av Lake Bonney i Taylor Valley. Mummifisert sel|mini Endolittiske fotosyntetiske batkeriar finst i Dry Valleys, verna av den tørre lufta i relativt i det relativt fuktige indre av steinane. Smeltevatn frå breane om sommaren dannar ei primærkjelde for jordnæringsstoff. Forskarar reknar Dry Valleys som kanskje det næraste ein kjem miljøet på planeten Mars og kan dermed gje viktig innsikt i mogeleg utanomjordisk liv.
Anaerobe bakteriar med stoffskifte basert på jern og svovel lever i kuldegrader under Taylorbreen, og fargar isen raud ved Blood Falls.John Timmer. Ancient, frozen ecosystem produces blood-red ice streams, Ars Technica, 16. april 2009. Vitja 25. februar 2014.
Delar av dalane vart erklært eit verneområde i 2004.
Geografi Dalar Alatna Valley (stundom feilaktig skrive Atlanta Valley) er den nordlegaste, nord for Bensonbreen.
Frå nord til sør er dei tre største dalane Victoria Valley (mellom St. Johns Range i nord og Olympus Range i sør) Wright Valley (mellom Olympus Range i nord og Asgard Range i sør) Taylor Valley (mellom Asgard Range i nord og Kukri Hills i sør)
vest for Victoria Valley ligg frå nord til sør, Barwick Valley Balham Valley McKelvey Valley
Sørover frå Balham Valley finn ein, frå vest til aust: Priscu Valley Wall Valley Virginia Valley Stuiver Valley
vest for Taylor Valley lgig Pearse Valley (stundom feilaktig skrive Pearce Valley).
Lenger sør, mellom Royal Society Range i vest og vestkysten av McMurdo Sound ved enden av Koettlitzbreen ligg, frå nord til sør: Garwood Valley Marshall Valley Miers Valley
Innsjøar Somme av innsjøane i Dry Valleys er av dei saltaste i verda, og saltare enn Assalsjøen og Daudehavet. Den saltaste av dei alle er den vesle Don Juan Pond.
Lake Vida (Victoria Valley) Lake Vanda (Wright Valley) Lake Brownworth (Wright Valley) (ferskvatn) Don Juan Pond (Wright Valley) Lake Fryxell (Taylor Valley) Lake Hoare (Taylor Valley) Tsjadsjøen (Taylor Valley) Lake Hoare (Taylor Valley) Parera Pond (Taylor Valley) (ferskvatn) Lake Bonney (Taylor Valley) Lake Joyce (Pearse Valley) Lake Garwood (Garwood Valley) Lake Miers (Miers Valley)
Elvar Kite Stream (Victoria Valley) Onyx River (Wright Valley) Vincent Creek (Taylor Valley) Crescent Stream (Taylor Valley) Harnish Creek (Taylor Valley) Huey Creek (Taylor Valley)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «McMurdo Dry Valleys» frå , den 25. februar 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kart over McMurdo Dry Valleys(pdf) Eit anna kart (USGS) Antarctic Connection Studie: Liv i Antarktisisen kan samanliknast med Mars Special Report: The McMurdo Dry Valleys i Antarctica Sun, 26. januar 2003. 7–21, Virtuell tur i Dry Valleys Bilete frå Dry Valleys Satellittbilete
* Kategori:Dalar i Antarktis Kategori:Geografi i Victoria Land Kategori:Victoria Land Kategori:Verneområde i Antarktis Kategori:Oasar i Antarktis