mini|Snøras ned ei fjellside. mini|Eit snøras i Himalaya Snøras, òg kalla snøskred, fonn eller lavine, er ei nemning på eit ras av snø og is ned ei fjellside eller frå ei høgd til ei anna. Små snøras kan til dømes kome frå hustak. Eit slikt ras oppstår når snø bygger seg opp i ei skråning, og til slutt gjev etter for tyngdekreftene. Eit snøras er altså eit døme på ein tyngdestraum av granulært material.

Eit stort snøras kan flytte seg mange kilometer, og gjere kolossale øydeleggingar i skogområde og på andre ting som måtte kome i vegen. Ikkje berre sjølve snøen kan gjere store skader; i mange høve er òg den kraftige vinden eller luftstraumen som raset lager framføre seg, særs farleg og skadegjerande.

Landsbyen Montroc i Frankrike vart i 1999 råka av eit snøras av 300 000 kubikkmeter snø ned ei skråning på 30 grader. Raset fekk ein fart på rundt 100 km/t, og dekte ei rekkje fjellhytter med 100 000 tonn snø i eit 5 m tjukt lag. 12 menneske mista livet og ordføraren i Chamonix vart erklært skuldig i forsettleg drap for ikkje å ha evakuert området, men fekk ein dom med vilkår.

Under 1. verdskrig omkom over 60 000 soldatar som følgje av snøras i Alpane. Mange av desse rasa vart utløyst av artillerield, men det er tvilsamt at snøras vart brukt som eit tilsikta våpen. Å føresjå snøras er vanskeleg sjølv om ein har detaljerte vêrrapportar og prøver frå snølaga, så det ville ha vore bortimot umogeleg å føresjå snøras mange kilometer bak fiendane sine rekkjer.

Eit ras der snømassane er fuktige eller klebrige (kram) vert kalla kramras eller kramfonn, medan tørre og lause snømasser gjev mjellfonn («mjell» tyder 'tørr, lett, laus').http://snl.no/skredAasen, Ivar: Norsk ordbog med dansk forklaring. Udgiven af Vestmannalaget, 1918. 4. utgave. Kristiania: Cammermeyer Utgave.

Årsak Snøras oppstår når tyngda av dei øvre snølaga vert større enn bindekrafta mellom dei forskjellige snølaga. Å avgjere den kritiske vekta som må til for å utløyse eit snøras er derimot komplisert og involverer mange faktorar som terreng, snøtilstand og vêr.

Terreng Kor bratt ei skråningar er — skråningar under 25 grader og over 60 grader har vanlegvis liten sjans for snøras på grunn av friksjonsvinkelen til snø. I bratte skråningar vil det ikkje samle seg opp nok snø og i slake skråningar er det liten sjans for at snøen skal byrje og rase. Dei fleste snørasa oppstår i skråningar med ein vinkel mellom 35 og 45, og størst fare er det i skråningar på 38 grader. Dette er dessverre òg skråningar som er mest populære innan skisport. Retning — Dei tre viktigaste variablane som avgjer korleis snølaga vert er temperatur, nedbør og vind. På midlare breidder på nordlege halvkule skjer dei fleste ulukkene i skuggelagte skråningar mot nord og nordaust. Skråningar som ligg i le for vinden akkumulerer meir snø og fører til område med lokalt djup snø og snøflak. Profil — Konvekse skråningar (som bøyer utover) er statistisk sett farlegare enn konkave skråningar. Årsaka til dette er menneskeleg påverknad og strekkfastleiken til snølaga kontra trykkfastleiken. Overflate — Store snøras er vanlegare på glatte underlag som gras eller flat stein. Vegetasjon er viktig for å halde på eit snølag, men av og til kan den skape svakare område i snølaget.

Snø Stukturen i eit snølag er med på å avgjere faren for snøras. For å få snøras må ein ha eit svakt snøflak under (eller instabiltet) under eit anna snøflak. Dessverre er forholdet mellom eigenskapane til snølaga (styrke, kornstorleik, korntype, temperatur) og snørasfare komplisert og noko ein ikkje heilt forstår enno. I tillegg varierer snødjupna frå stad til stad og dermed òg stabiliteten til snøen. Snøskavlar på toppen av skråningar kan òg rase ut. Nysnø — Ny snø har ikkje fått nok tid til å feste seg til laga under, særleg viss den er lett og pudderaktig. Snødjup — Snø som ligg over steinar og planter i ei skråning har ikkje desse naturlege lekamane og feste seg til, og er derfor farlegare. Naturlegvis er dette òg snø ein treng i skisport. Storleiken på snøkrystallane — Hovudsakleg gjeld det at jo større krystallane er, jo svakare er dei. Kor kompakt snøen er — Kompakt snø har mindre sannsyn for å flytte på seg enn lette puddersnølag.

Vêr Vêr avgjer korleis snøflaka utviklar seg. Det viktigaste faktoren er solinnstråling, strålingsavkjøling, temperaturgradientar i snøen og mengd og type snø. Dei fleste snøras oppstår under og like etter uvêr.

Temperatur — Viss temperaturen er høg nok til at den daglege temperaturvariasjonen inneber frysing og smelting, vil dette forsterke snøflaka medan det frys, og svekke dei medan dei smeltar. Temperaturar langt over frysepunktet kan få heile skråningar til å rase ut, særleg om våren. Temperatur som held seg under frysepunktet kan føre til at snøen ikkje får auka stabiliteten, og det kan dannast rim djupt i snølaga der det er store temperaturgradientar i snøen. Tynne lag med «fasetterte korn» kan oppstå over eller under skare når temperaturengradientane blir store gjennom skaren. Vind — sjølv forholdsvis svak vind kan samle opp snø i skråningar som ligg nedstraums vindretninga. Trykket frå vinden kan derimot òg stabilisere andre skråningar. Snøskavlar har ein spesielt skrøpeleg struktur — tett pakka i saman, men med svake sideflater. Sjølv på ein klår dag kan vind samle opp snø i store snøskavlar. Dette kan skje enten vinkelrett på fallinja til skråninga, eller parallelt med fallinja. Når vinden bles over toppen av eit fjell, vil det dannast snøskavlar på toppen av lesida av fjellet. Når vinden bles over ein rygg som til dømes fører opp til fjellet, kan snøen samle seg opp vinkelrett på fallinja. Desse snøskavlane er ofte vanskelegare å få auge på, og er ofte mindre stabile enn snøskavlane på toppen av ei skråning. Kraftig snøfall — Kraftig snøfall kan føre til instabilitet, både fordi det fører til ekstra tyngde i snølaget og fordi snøen ikkje har tid nok til å feste seg. Regn — Fører til instabilitet ved at snøen vert tyngre, og at dei lågare snølaga vert fuktige.

Tryggleik

Å gå på ski i fjellandskap om vinteren er aldri 100 % trygt. Å unngå snøras er ein kontinuerleg prosess der ein må velje rute og undersøke snølaga, vêrforholda og menneskelege faktorar. Fleire velkjende gode vanar kan minimere faren. Viss lokale styresmakter sender ut varsel om snørasfare bør ein vere på vakt og ta omsyn. Ein bør ikkje følgje i spora til andre utan at ein har gjort seg opp ei eiga meining om det er trygt å ferdast der eller ikkje — snøforholda kan ha endra seg. Sjå på terrenget og merk deg opplagde rasutsette skråningar der det manglar vegetasjon eller der vegetasjonen er øydelagt. Unngå òg å gå like bak andre som kan utløyse eit ras.

Vern mini|250px|Snøskjermar i Sveits Det er fleire måtar å hindre snøras og redusere krafta deira og øydeleggingane. Dette blir gjort i område der snøras utgjer ein fare for menneskeliv, slik som skisenter, fjellandsbyar, vegar og jernbane. Sprengstoff vert ofte brukt for å hindre snøras, særleg nær skisenter der andre metodar ofte er upraktiske. Sprengladningar vert brukt til å utløyse små ras før snøen har bygd seg opp så mykje at større snøras kan utløysast. Snøskjermar og lette veggar vert brukt til å styre plasseringa av snøen. Snøen bygg seg opp rundt skjermane, særleg på den sida vinden vanlegvis kjem frå. På andre sida av skjermen vert det då mindre snø. Visst det veks tre i skråninga og trea står tett nok, kan det i stor grad motverke snøras. Dei held snøen på plass og viss eit snøras oppstår vil det bli svekka når det møter trea. Treplanting er ein av metodane for å hindre snøras.

Kunstige hindringar kan effektivt redusere skadane frå snøras. Det finst forskjellige hindringar. Ein type er eit nett mellom to stolpar som er festa med bardunar i tillegg til fundamentet deira. Dette er hindringar som liknar dei ein bruker for å motverke steinras. Andre typar hindringar er kraftige gjerde, som kan vere laga av stål, tre eller forspent betong. Det er vanlegvis litt avstand mellom dei og dei vert bygd vinkelrett på skråninga. Slike vern vert ofte rekna for å vere stygge, særleg sidan ein ofte treng fleire rekkjer av dei oppover fjellsida. Dei er i tillegg dyre og kan få skadar i sommarmånadane på grunn av fallande steinar. I tillegg har ein hindringar som stoppar eller bøyer av snørasa med vekta og styrken sin. Desse hindringane er bygd av betong, stein eller jord. Dei vert vanlegvis plassert like ovanfor bygningar, vegar eller jernbanar som dei skal verne, men dei vert òg brukt til å leie snørasa inn i andre hindringar. Av og til vert jordhaugar plassert i vegen for snørasa for å redusere farten deira.

Skigrupper Skråkøyring - skråkøyring bør ein unngå for å gjere avstanden på tvers av skråninga så liten som mogeleg. Når ein er utsett for fare - ver så få folk som mogeleg i skråninga. Held avstand. Ideelt sett bør ein person passere over skråninga og inn i eit trygt område før den neste passerer. Berre stopp eller slå leir på trygge stader. Ha på varme klede for å unngå hypotermi om ein vert gravlagd. Planlegg rømmingsvegar. Gruppestorleik - ikkje gå aleine. Då vil det ikkje vere augevitne som kan sjå om du vert tatt og som kan skaffe hjelp. Gruppa bør vere stor nok til at ein kan redde personar som vert tatt av snøras, men om det er for mange kan dette føre til forstyrringar i skråninga. Leiarskap - visst du er i ein potensielt farleg rassituasjon bør du tenkje deg godt om kva alternativ som er tryggast før du vel ei rute.

Overleving og redning mini|300px|Snøras på Mount Timpanogos ved Aspen Grove i Utah i USA Sjølv små snøras kan vere svært farlege, sjølv om ein er i lag med godt trente leiarar med rett utstyr. Mellom 55 og 68 % av offera som vert gravlagd av snøras døyr, og berre 80 % av offera som vert verande på overflata overlever.

Forsking i Italia basert på 422 gravlagde skigåarar indikerer korleis sjansen for å overleve fell: svært raskt frå 92 % innanfor 15 minutt til bere 30 % etter 35 minutt (offera blir kvelte) nær null etter to timar (offera døyr av skadar eller hypotermi) (Historisk sett er sjansen for å overleve estimert til 86 % før 15 minutt er gått, 50 % innanfor 30 minutt og 20 % innanfor ein time).

Altså er det livsviktig at alle som overlever eit snøras er med på å redningsaksjonen i staden for å vente på hjelp utanfrå. Ekstra hjelp kan tilkallast om det er nokon som er alvorleg skada eller framleis ikkje er funne etter t.d. 30 minutt. Sjølv i godt utstyrte land som Frankrike tar det vanlegvis 45 minutt for eit redningshelikopeter å nå fram, og etter så lang tid er det ikkje mange som overlever.

I visse tilfelle vert ikkje offera etter snøras funne før til våren når snøen smeltar, eller til og med fleire år seinare når lekamar dukkar opp frå ein isbre.

Leite- og redningsutstyr Sjansane aukar for at eit offer blir funne i live og redda dersom alle i gruppa har med seg standard snørasutstyr, og er opplært i korleis dei skal bruke det. Dette betyr likevel at ein må gjere alt ein kan for å unngå og kome ut for rassituasjonar.

Snørassnor Å bruke ei snørassnor er den eldste forma for utstyr, hovudsakleg før ein hadde elektroniske sendarar. Prinsippet er enkelt. Ein om lag 10 meter lang og raud snor er festa til personen, og personen dreg snora etter seg. Viss personen blir tatt av eit ras, vil den lette snora halde seg på toppen av snøen, og på grunn av fargen er den lett synleg for redningsmannskapet. Vanlegvis har snora små jernmerke for kvar meter som indikerer retning og avstanden til offeret.

Elektroniske sendarar/mottakarar