1823 (romartal MDCCCXXIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet 19. juni: Den svensk-norske kronprinsen Oscar gifta seg med Josefina av Leuchtenberg. 10. september: Simón Bolívar utropt til president av Peru.
Krigsutbrot mellom britane og ashantiane i Gullkysten Slutten på Den spanske borgarkrigen frå 1820 til 1823. Ferdinand VII av Spania tilsidesette den spanske grunnloven av 1812 og gjeninnførte absolutt einevelde.
Noreg mini|Kong Karl Johan er minna med ein statue utanfor Slottet og Karl Johans gate framfor det.
Kong Karl Johan tok avgjerda om å bygga det kongelege Slottet i Kristiania
Wilhelm Christian Benecke og berlinske Benjamin Wegner kjøpte Blaafarveværket, som i løpet av dei neste åra skulle bli største industriverksemda i landet.
Fødde
1. januar: Sándor Petőfi, ungarsk diktar og revolusjonær 6. januar: Aimar Sørenssen, norsk politikar 14. april: Christian Jensen, norsk embetsmann og politikar 8. oktober: Sivert Nielsen, norsk politikar 6. desember: Friedrich Max Müller, tysk orientalist 21. desember: Asbjørn Kloster, norsk fråhaldsleiar ukjend dato: Sophie Gengembre Anderson, fransk-engelsk målar
Døde mini|Edward Jenner døydde 26. januar 1823
26. januar: Edward Jenner, engelsk lækjar som fann opp vaksinasjon 20. juli: Pave Pius VII 11. september: David Ricardo, britisk økonom 7. november: Rafael del Riego, spansk militær og opprørar, avretta