Forbidden Valley er ein dal sør for Citadel Peak i Hays Mountains i Antarktis. Dalen går aust-nordaust frå Mount Crockett til Scottbreen og er delvis dekt av isbre og morene. Han vart vitja i desember 1987 av ei geologgruppe frå Arizona State University i US Antarctic Research Program leia av Edmund Stump. Munningen av dalen er blokkert av ei morene, som gjer det vanskeleg å kome seg inn i dalen, derfor namnet. Forbidden tyder «nekta» eller «forvist» på engelsk.
Kjelder
Kategori:Dalar i Ross Dependency Kategori:Amundsen Coast