California Plateau er eit bølgjande, isdekt platå, 55 km langt og frå 2 til 22 km breitt, med ei høgd på 3000 moh ved austsida av Scottbreen. Det høgaste punktet på platået er 3275 moh ved Mount Blackburn i sørenden. Nordvestsida av platået er markert av bratte klipper ved Watson Escarpment; søraustsida fell slakt ned til innlandsisen. Han vart kartlagt av United States Geological Survey frå landmålingar og frå flyfotografi frå U.S. Navy i 1960–64 og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter dei fleire greinene av University of California som har sendt mange forskarar til Antarktis.
Kjelder
Kategori:Platå i Marie Byrd Land