Ada Margrethe Madssen, òg kjend som Ada Madssen () var ein norsk bilethoggar, utdanna hjå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Per Krohg i åra 1935 til 1937, og hjå Statens Kunstakademi under Wilhelm Rasmussen og Axel Revold i åra 1938 til 1940.

Ada Madsen er mest kjend for ein statue i granitt av dronning Maud som står på Slottsplassen i Oslo, attmed porten inn til Dronningparken, avduka av kong Olav V i 1959, statuen av Camilla Collett på Eidsvoll frå 1977, og monumentet over Harriet Backer og Agathe Backer-Grøndahl i Holmestrand frå 1982.

I oktober 2007 vart Ada Madsen utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen.

Bakgrunnsstoff Om statuane kring Slottet på internettsidene til Det norske kongehuset.

Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Bilethoggarar frå 1900-talet