Truls Aslesen Strand () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sigdal. Asle Madssen Strand var far hans, medan Reiulf Madssen Strand var ein farbror.
Strand overtok i 1893 ein gard i Krødsherad og dreiv denne til han døydde. Han var ei tid medlem av heradsstyret i Sigdal og formann i skulestyret. Elles var han med i forlikskommisjonen og var styreleiar i den lokale sparebanken. Då Krødsherad frå 1901 var skild til eige herad, vart Strand den fyrste ordføraren i heradet.
Strand var fjerde representant frå Buskeruds amt valbolken 1900-03, og deretter fyrste representant i den påfylgjande valperioden. Heile tida på tinget var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Grunna sjukdom vart han permittert 29. juli 1905, og seks dagar seinare døydde han i hovudstaden.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Folk frå Sigdal Kategori:Folk frå Krødsherad Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet