Casey-stasjonen er ein permanent base i Antarktis driven av Australian Antarctic Division (AAD) som ligg ved Vincennes Bay i Australsk Antarktis.
Historie Casey ligg nær den no fråflytta Wilkes-stasjonen oppretta av USA under Det internasjonale geofysiske året (IGY) i 1957/8. Basen vart kalla opp etter Richard Casey.Australian Philatelic Bulletin, Vol. 16, s. 28
Australia tok over Wilkes etter det internasjonale geofysiske året, men dei amerikanske bygningane var ikkje mogeleg å bruke fordi isen hadde bygd seg opp kring dei. Australia bygde den første Casey-basen like ovanom, på sørsida av Newcomb Bay seint i 1960-åra. Desse bygngingane var eit unikt forsøk på å unngå isproblemet ved å heve bygningane på stylter, slik at vinden kunne blse under bygningane. I tillegg vart bygningane knytte saman med ein bølgjeblikktunnel. Dette håpte ein skulle hindre snøen i å bygge seg opp år for år, medan personellet kunne flytte seg mellom bygningane utan å gå ut i friluft. Det fungerte ei tid.
Den noverande Casey-stasjonen («Red Shed») vart bygt seint i 1980-åra. Bygningen vart prefabrikkert i Hobart på Tasmania av Contas Pty Ltd, og frakta til Antarktis. Den store bygnignen vart først teken i bruk i 1988.
Flystriper Casey er eit viktig transportknutepunkt for det australske forskingsprogrammet i Antarktis med flyruter til frå Hobart til Wilkins ice runway, 5 km inn for Casey-stasjonen. Det første flyet som landa her var eit Airbus A319 den 9. desember 2007.
Dem mindre Casey Station Skiway ligg 8 km aust for stasjonen og opna 30. desember 2004.
Klima Casey-stasjonen har eit arktisk klima:
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Casey Station» frå , den 16. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff AAD Casey-stasjonen page Casey-stasjonen webcam A Year i Antarktis (1972) COMNAP Antarktis Facilities COMNAP Antarktis Facilities Map
Sjå òg Brown Bay
Kategori:Utpostar i Antarktis Kategori:Australsk Antarktis Kategori:Utpostar i Wilkes Land