Villa Las Estrellas (spansk «Stars Town») er ein chilensk landsby i kommunen Antártica som ligg ved President Eduardo Frei Montalva-basen, ein militærbase på King George Island. Han er den største og eine av to sivile busetnader i Antarktis (den andre er den argentinske Esperanza-basen). Om sommaren bur det 120 personar her og om vinteren 80. Villa Las Estrellas mini|venstre|Villa Las Estrellas.

Folket i Villa Las Estrellas lever i eit samfunn som omfattar 14 bustadhus på 90 m².

Det finst ein skule her, F-50 «Villa Las Estrellas»-skulen, som går opp til 8. klasse, med to lærarar, som tar imot kring 15 born. I tillegg er det ein barnehage og eit bibliotek. Det chilenske luftforsvaret driv eit sjukehus med ein lege og ein sjukepleier. I tillegg finst her bank, eit herberge, ein suvenirbutikk og eit treningsanlegg.

Sjå òg Puerto Toro Puerto Williams

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Villa Las Estrellas» frå , den 19. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Utpostar på Sør-Shetlandsøyane Kategori:Busetnader grunnlagde i 1984 Kategori:Chilensk Antarktis Kategori:Argentinsk Antarktis Kategori:Britisk Antarktis Kategori:1984 i Antarktis