Sara Cold Frimann () vart fødd på Romedal i Hedmark, og vart etter kvart prestefrue i Selje. Ho vart tidleg enkje, men dreiv garden vidare, heldt ein fiskebåt med mannskap og eige notbruk attåt, og fekk inntekter frå både torske- og sildefiske. På denne måten klarte ho å kosta utdanning på alle dei fire sønene sine.

Prostedotter og prestefrue Sara var dotter av prost Isaac Cold. Cold-ætta hadde både rikdom og makt i Noreg. Sara vart trulova med Peder Harboe Frimann frå Selje medan han var kapellan på Nannestad. Dei gifta seg i 1745 og flytta til prestegarden i Selje. Mor til Peder, Anna Harboe Frimann, budde i lag med dei på prestegarden.

Klok kone Sara vart kjend for å vere raus og godhjarta, og for å vere lækjarkunnig. Mange sjuke og fattige søkte råd hjå henne, og ho hjelpte dei etter beste evne med mat og medisinar. Sara hadde også fått god opplæring i vev, saum og måling heime, og dette var noko ho gjerne lærde andre unge kvinner i soknet.

Forfattaren H.J. Birch skreiv om Sara Cold Frimann i boka Galleri af berømte fruentimmer frå 1793 både på grunn av desse eigenskapane, men også fordi ho klarte å kosta utdanning på alle sønene sine, noko som ikkje var vanleg på den tida.Birch, H.J. (1793) Billedgallerie for Fruentimmer: indeholdende Levnetsbeskrivelser over berømte og lærde danske, norske og udenlandske Fruentimmere. Dei fire fekk gå i skule med huslæraren til den nye soknepresten, Peter Angell.

I boka om sonen Claus Frimann frå 1955 refererer Kaare Støylen til Birch sin tekst og skriv sjølv: "Sara Cold Frimann bør i vår kulturhistorie finne sin plass ved siden av prestekoner som Gustava Kielland og Hanna Winsnes."Støylen, Kaare (1955) Claus Frimann, Almuens Sanger 1746-1829.

Økonomisk sans Økonomisk samanlikna Birch truleg Sara med andre kvinner frå same klasselag og ikkje med andre enkjer i Selje på den tida. Som preste-enkje fekk Sara ei årleg gasje. Det ryktast at det var godt torskefiske i Skårfjorden desse åra, så ho tente nok godt på notbruket. Sara Cold Frimann delte hushald med den velståande svigermora i 24 år.

Dikterinde Sonen Claus Frimann ga Sara tittelen Dikterind då han averterte dødsfallet i Bergens Adresse-Contoirs Efterretninger 21. februar 1800. Ho hadde sans for poesi og skreiv sjølv dikt. Ho inspirerte sønene Claus og Peter som begge skreiv dikt og songar.

Det er to vers att av det Sara dikta:

Velkommen her på Sildens Land af salten Sø, du Vandringsmand. Takk Gud som dig ledsager. Lad nu goddædigt Hjerte se mod den nødtrængte fattige som Gaver her modtager.

Da vores Bøn til Himles Gud av Hjertets Grund skal flyde ud: Du glad til Hus må komme og siden du i Himmerig hvor Storm og Vind ei skader dig, må samles blandt de fromme.

Kjelder NRK Sogn og Fjordane, Fylkesleksikon: Sara Cold Frimann Dam-Nielsen, Borgny (2001) Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Kulturhistorisk leksikon: Claus Frimann - diktarpresten og sildepresten frå Selje Os, Edvard (1957); Bygdebok for Selje og Vågøy, Forenede Trykkerier Oslo Ministerialbok for Nannestad 1739 – 1754 Geistlig skifteprotokoll Nedre Romerike prosti 1719 – 1751 Ministerialbok for Selje 1743 – 1759 Kleppa, Hermund (2001) Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Kulturhistorisk leksikon: Minnestein over diktarpresten Claus Frimann.

Referansar

kategori:Norske lyrikarar kategori:Folk frå Selje