mini|Kaisa Mäkäräinen i 2012 Kaisa Leena Mäkäräinen () er ein finsk skiskyttar frå Ristijärvi i Kajanaland, som vann verdscupen i skiskyting i 2011 og på ny i 2014. Ho vart verdsmeister i jaktstart-øvinga i 2011 og tok i alt tre VM-medaljar i 2011 og 2012, ei i kvar valør.

Aktiv Mäkäräinen fekk sin internasjonale debut i VM i skiskyting 2005. Den 3. desember 2010 tok ho sin fyrste siger i eit verdscuprenn då ho vann sprinttevlinga i Östersund. Trass i at ho sidan i 2011-sesongen vann berre to nye renn i verdscupen, vart ho den fyrste finske skiskyttaren som gjekk heilt til topps i kampen om å vere beste utøvar gjennom ein sesong. Ho vann både totalt og i den såkalla jaktstartcupen. Den tredje og siste renn-sigeren kom elles då ho vann jaktstarten i VM 2011 i Khanty-Mansijsk, grunnlaget for gullmedaljen la ho då ho dagen i førevegen tok sølvmedaljen i sprint-tevlinga.

I 2012-sesongen enda Mäkäräinen på fjerdeplassen i verdscupen i skiskyting, etter mellom anna å ha vunne to tevlingar. Under verdsmeisterskapen i Ruhpolding tok ho bronsemedaljen på fellesstarten. Sesongen etter lukkast ho ikkje å vinne noko tevling i verdscupen, men oppnådde seks pallplasseringar og vart nummer fem i verdscupen 2013.

Gjennom OL-sesongen 2014 gjorde Mäkäräinen mange gode tevlingar, lenge utan å gå til topps i noko renn. Ei heller lukkast ho å vinne nokon OL-medalje. På seinsesongen kom ho derimot sterkt tilbake. Ho vann då jaktstarten i Pokljuka og tok over leiinga i verdscupen frå norske Tora Berger. Deretter imponerte ho stort då ho vann alle tre tevlingane på finsk heimebane i Kontiolahti. Trass i svakare prestasjonar under avslutninga av verdscupen i Holmenkollen, sikra ho sigeren i verdscupen i skiskyting for 2014-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 2007 i Antholz: Nr 7 på fellesstarten VM i skiskyting 2008 i Östersund: Nr 15 på fellesstarten VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang: Nr 4 på fellesstarten Vinter-OL 2010 i Vancouver: Nr 45 på jaktstarten VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk: Gullmedalje i jaktstart. Sølv på 7,5 km VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding: Bronsemedalje på fellesstarten VM i skiskyting 2013 i Nove Mesto: Nr 8 på 15 km Vinter-OL 2014 i Sotsji: Nr 6 på fellesstarten VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti: Bronsemedalje på 15 km VM i skiskyting 2016 i Oslo: Bronsemedalje på fellesstarten

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Kaisa Mäkäräinen» frå , den 23. mars 2014.

Kategori:Finske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018