I (i) er den niande bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (I ι), og den 11. bokstaven i det ukrainske alfabetet.

Historie Egyptisk hieroglyf ꜥ Fønikisk jod Vestgreskiota EtruskiskI LatinI

I fønikisk skrift kan bokstaven ha opphav i ein egyptisk hieroglyf av ein arm som stod for lyden , ein stemd faryngal frikativ. På semittiske språk heiter bokstaven jod og står for lyden , ein halvvokal (konsonantisk i). Det semittiske ordet for arm byrjar med denne lyden.

Då bokstaven blei del av det greske alfabetet blei han kalla iota og nytta for vokalen i. På latin blei bokstaven nytta både som i- og j-lyd. I dei siste tiåra fvt. og seinare nytta ein ein lang i-lyd eller ij-lyd ved å gjere streken i bokstaven ekstra lang. Frå 1100-talet vart det vanleg å sette ein tynn strek over bokstaven, og frå 1300-talet sette ein i staden ein prikk over for å skilje han ut.

Den moderne bokstaven j byrja som ein variant av i. Begge blei nytta for både vokalen og konsonanten over lang tid, og blei fyrst klart skilde på 1500-talet.

I runealfabetet er bokstaven den tredje runa i andre ætt.

Bruk + Uttale av etter språk Ortografi Fonem Standardkinesisk (pinyin) Engelsk , , , , , Esperanto Fransk , Færøysk [] Italiensk , , Kurmanji (hawar) Portugisisk , Spansk , Tyrkisk for i utan prikk for i med prikk Tysk , , Bokstaven i uttrykker ord på både norsk og engelsk: På norsk er «i» ein preposisjon, medan på engelsk er «I» det personlege pronomenet for første person, eintal, i subjektsform.

I kan stå for

det kjemiske symbolet for grunnstoffet jod talet 1 skrive med romartal nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Italia på bilskilt frå Austerrike: Innsbruck på norske bilskilt før 1971: Aust-Agder fylke latinsk og romersk forkorting for imperator. På latinsk kan forkortinga òg tyde Julius, Junius, Juno, Jupiter med fleire.

i er det matematiske symbolet for √–1.

Kjelder

Kategori:Det latinske alfabetet