Jordskjelvet i Damaskus i 847 skjedde (truleg den 24. november) i 847. Nyare forsking har indikert at jordskjelvet var ein del av fleire jordskjelv som strekte seg frå Damaskus i sør, til Antiokia i nord og Mosul i aust. Det er estimert at 20 000 menneske mista livet i Antiokia i følgje historikaren Al-Dhahabi på 1200-talet, og 50 000 i Mosul. Ein trur at skjelvet var av dei kraftigaste som har sjedd langs Daudehavsforskastinga.
mini|venstre|Daudehavsforskastinga og tilknytte strukturar i Libanon og sørlege Syria.
Andre jordskjelv i 847 Fleire andre byar i Midtausten fekk òg store øydeleggingar i 847, truleg den same dagen (24. november). Jordskjelvet i Antiokia kan ha vore det same som øydela mykje av Damaskus i Syria den 24. november 847. I Damaskus byrja jordskjelvet tidleg om morgenen og skjelva varte til minst midt på dagen. Ein del av Umayyade-moskeen vart øydelagd og minareten fall ned. Bruer og hus kollapsa, og store steinar vart forflytta. Andre byar nær Damaskus vart òg øydelagde, som Darayya.
Det var øydeleggingar i byen Homs (Syria), i Libanon, og i regionen Al-Jazira. Det var òg eit stort jordskjelv i Mosul (no i Irak), der opp til 50 000 menneske vart drepne.Search page,
Kjelder Denne artikkelen bygger på «847 Damascus earthquake» frå , den 1. april 2014. oppgav desse kjeldene:
Damaskus Kategori:Provinsen Hatay Kategori:Antiokia Damaskus Kategori:847 i Asia Kategori:Jordskjelv på 800-talet