Balthazar Schnitler () var ein norsk jurist og stortingsmann, fødd på Hitra.

Schnitler var son til ein prest. Sjølv vart han cand.jur. i 1808 og arbeidde frå 1812 i morbrorens handelshus i Trondheim. Han var styremedlem i Noregs Bank frå 1833 til han døydde.

Schnitler var ordførar i Trondheim frå mai 1838 og ut same år, deretter 1840-1841. Han var viseordførar i 1842.

Han representerte Trondheim på Stortinget i frå 1827 til 1835 og 1839-44. I 1827 var han sekretær i komiteen om skog- og bergvesen, og medlem av bankkomiteen samt komiteen om slottsbygninga og kjøpstadskatten. På det overordentlege storting 1828 var han sekretær i komiteen om ansvarslova, medan han på 1830-stortinget var sekretær decisjonskomiteen og medlem av bankkomiteen. I 1833 var han sekretær i komiteen om slottsbygninga og medlem av valkomiteen og av protokollkomiteen. Han bad seg fri frå valet i 1836, men vart vald på ny i 1839 då han på Tinget atter var med i valkomiteen samt han var sekretær i bankkomiteen. På Stortinget 1842 var han som i 1833 medlem av valkomiteen og protokollkomiteen. Han vart vald til stortingsmann også i 1845, men bad seg fri og det vart halde eit nytt val.

Schnitler døydde i Trondheim, 64 år gammal.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Hitra Kategori:Folk frå Trondheim