Niels Schiøtt () var ein dansk-norsk offiser og stortingsmann.

Schiøtt var fødd i København der far hans vart titulert som kammerråd. I 1814 var Schiøtt major i artilleriet i Christiania, seinare forfremja til oberstløytnant i 1818 og oberst i 1823.

Schiøtt var hovudstaden sin 2. representant på Stortinget i 1815. Han var medlem av Lagtinget og av riksretten, samt tolv ulike komitear. Mellom anna var han formann i komiteen om verneplikt på gods og av komiteen om vernepliktslova, samt sekretær i militærkomiteen.

Han døydde i Christiania i 1824, 44 år gammal.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske offiserar Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Folk frå København