Apofyllitt er eit fellesnamn for minerala hydroksyapofyllitt og fluorapofyllitt. Dei er begge kvite eller svakt farga mineral med perlemorglans. Fluorapofyllitt er det vanlegaste av desse, og kan opptre i vene tetragonale krystall på sprekkar og holrom i lavaer og andre bergartar, ofte saman med zeolittar.
I Noreg er dei kjent frå kontaktsonene i Oslofeltet, Kongsberg, Arendal, Sulitjelma og andre stader. Den kjemiske samansetnaden er (K,Na)Ca4Si8O20(F,OH)•8H2O. Hydroksyapofyllitt er særs sjeldan, og i Noreg kjent frå gruvene i Mofjellet ved Mo i Rana.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:Fylosilikat kategori:Natriummineral kategori:Kaliummineral kategori:Kalsiummineral kategori:Tetragonale mineral