mini|Sopa de pedra ('steinsuppe') frå Portugal. mini|Statue i Almeirim av munken som kokte suppe på ein stein. Spikarsuppe kan vera ei tynn suppe kokt på enkle ingrediensar, eller noko laga av «ingenting» som i eventyret om fanten som narrar ei gjerrig kjerring til å «koka suppe på ein spikar».

Eventyr om spikarsupper er klassifisert som type 1548 i Aarne-Thompson-systemet. Det er kjend i fleire ulike versjonar frå heile Europa. Ein eller fleire vandrarar møter ein eller fleire hjelparar som først er uvillige til å bidra, men etterkvart kjem med alle ingrediensane som skal til for å laga eit godt måltid. I Norden og Nord-Europa blir det gjerne kokt suppe på ein spikar, i Aust-Europa på ei øks, og i Sør-Europa bruker ein gjerne ein stein. I ein versjon frå Frankrike er vandrarane tre soldatar på veg heim frå Napoleonskrigane, i ein versjon frå Ungarn går ein enkelt soldat gjennom fleire prøvingar på heimvegen, og i russisk tradisjon bruker ein soldat ei øks til å laga kasja (ein grautaktig rett). I ein portugisisk versjon knytt til Almeirim er vandraren ein munk som lagar steinsuppe. Ein rett kalla steinsuppe, sopa de pedra, blir laga og servert i Almeirim.

I Noreg er eventyret særleg blitt kjend frå Nordahl Rolfsen si Lesebok for folkeskulen. Dette eventyret stammar frå Värmland.

Bassenget på Eidsvolls plass i Oslo er kjend som «Spikersuppa» etter at det blei påkosta av ein spikarfabrikk.

Bakgrunnsstoff «Koke suppe på ein spikar» etter Nils Gabriel Djurklou ved oaks.nvg.org Svigermors spikersuppe ved matoppskrift.no

Kjelder

Spikersuppe (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. april 2014. Om å koke suppe på en spiker, aftenposten.no Hva er en spikersuppe , enkeltforklart.no

Denne artikkelen bygger på «Stone Soup» frå , den 18. april 2014.

Kategori:Supper Kategori:Eventyr