Andreas Vincent Stoltenberg () var ein norsk gardbrukar, fyrvaktar og stortingsmann frå Trondenes i Troms.

Stoltenberg var son til ein gardbrukar i Trondenes. Han tok over farsgarden, Årnes, og dreiv denne til 1862. Sidan i livet var han fyrvaktar på Hjertholmen fyr i Lødingen i Nordland.

Stoltenberg hadde mange kommunale verv, og var medlem av fleire kongelege kommisjonar; 1855 om Lofotfisket, 1859 om sildefisket i Nord-Noreg, 1861 om handelen i Finmarken og 1877 om hamnestellet.

Frå 1857 til han døydde i 1877 møtte på fleire av stortinga. Han representerte Finmarkens Amt i 1857, 1859-60, 1862-63 og på omframtstortinga 1858 og 1864. Sidan representerte han Nordland 1865-66, 1874-76 og 1877-sesjonen. Stoltenberg var medlem av næringskomite nr 1 i 1857, 1859-60, 1862-63, 1865-66, 1874-77. På omframtstortinget 1858 var han med i bankkomiteen og i 1864 i komiteen som avgjorde senkinga av innsjøen Øyeren. Frå 1875 var han medlem av Lagtinget. I 1860 var Stoltenberg med i sendelaget som deltok på vegner av Stortinget under kongekroninga i Trondheim.

Stoltenberg drukna under bading på Hjertholmen i 1877.

(Fornamnet Anders som er nytta i Lindstøls verk er feil, alle andre kjelder nyttar Andreas, inkludert kyrkjebøker og folketeljingar.)

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 lokalhistoriewiki

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Ordførarar i Trondenes Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Fyrvaktarar Kategori:Folk frå Harstad