Lok Sabha (hindi ) eller House of the People er underkammeret i det indiske parlamentet (overhuset er Rajya Sabha). Lok Sabha møter i Lok Sabha-romma i parlamentsbygningen Sansad Bhavan i New Delhi.

mini|Partifordelinga i Lok Sabha i 2012. Lok Sabha har 545 representantar. 543 er valde ved direkteval frå kvar sin valkrins. 131 sete (18,42 %) er reserverte for representantar for dårlegstilte kastar (Scheduled Castes, 84 sete) og dårleg stilte stammar (Scheduled Tribes, 47 sete). I tillegg er det utnemnd 2 representantar for anglo-indarar. Den indiske grunnloven opnar for at Lok Sabha kan ha 552 representantar, opptil 530 av dei representantar for statar, opptil 20 representantar for unionsterritoria, og opptil 2 representantar for anglo-indarane.LOK SABHA (House of the People), parliamentofindia.nic.in

Dei to største partia i Lok Sabha etter valet i mai 2009 var Kongresspartiet (Indian National Congress, INC), med 198 representantar og Bharatiya Janata Party (BJP) med 112 representantar.«Fifteenth Lok Sabha - Party wise» , National Informatics Centre Kjønnsfordelinga i 2009 var 485 menn og 59 kvinner.«Frequently Asked Questions on Lok Sabha (As on 21.12.2009)» , National Informatics Centre

Den vanlege parlamentsperioden er fem år. Ved unntakstilstand er det mogleg for parlamentet å utvida perioden med opptil eit år.Part V—The Union. Article 83. p40 For å kunne veljast til forsamlinga må ein vera minst 25 år gammal og ha indisk statsborgarskap.

Valkrinsane er avgrensa etter innbyggjartalet i kvart område, og byggjer på folketeljingar. Den siste endringa av Delimitation Commission bygde på folketeljinga i 2001. Opphavleg var grensene meint å endrast etter kvar folketeljing, men eit grunnlovstillegg frå 1976 avgrensa endringane for å unngå at område med avgrensa folkevekst på grunn av ønskt familieplanlegging skulle straffast.Election Commission India

Lok Sabha har ein eigen fjernsynskanal, Lok Sabha TV, som har hovudkvarter i parlamentsbygningen Sansad Bhavan. Lok Sabha TV

Den første parlamentsperioden til Lok Sabha byrja 17. april 1952 etter parlamentsvalet halde frå oktober 1951 til februar 1952. Lok Sabha har vore gjennom 15 periodar, den siste etter parlamentsvalet i 2009.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lok Sabha» frå , den 26. april 2014.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Lok Sabha

Kategori:Indisk politikk Kategori:Skipingar i 1952