Harald Wedel-Jarlsberg () var ein norsk godseigar og politikar frå Aker i dåverande Akershus amt. Herman Wedel-Jarlsberg var far hans.

Harald Wedel-Jarlsberg var offiser i marinen frå 1832 til han tok avskjed som premierløytnant i 1846. Frå 1837 var han styrar av Bærum jarnverk og budde der sidan. I 1840 fekk han styringa over samtlege godseigedomar etter far sin, som døydde det året. Han vart eigar av desse eigedomane i 1853, med unnatak for storgarden Bogstad og det tidlegare Jarlsberg grevskap. Med sine vidstrakte skogeigedomar dreiv han stor skogsdrift og trelastforedling, særleg etter at drifta ved jarnverket vart nedlagt i 1872.

Wedel-Jarlsberg var i mange år medlem av heradsstyret i Bærum og ordførar. Han var medlem av to kongelege kommisjonar, 1853 og 1865, som såg på drifta av Kongsberg sølvverk. Både i 1862-63 og 1865-66 representerte han Akershus amt på Stortinget, og elles på omframtstortinget 1864. Han var i 1862-63 medlem av næringskomite nr 2 og av komiteen om skoglova og matrikkellova. I 1864 var han med i komiteen som arbeidde med seinkinga av innsjøen Øyeren, og i 1865-66 medlem av Lagtinget og næringskomite nr 2.

Han var leiar av Norges Vel i perioden 1882-87.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, side 939-940. Kristiania, 1914

Kategori:Norske godseigarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Ordførarar i Bærum Kategori:Folk frå Bærum