mini|Kart over Det nyassyriske riket Det nyassyriske riket var eit rike i Mesopotamia som byrja i 934 f.Kr. og enda i 609 f.Kr.«National and Ethnic Identity in the Neo-Assyrian Empire and Assyrian Identity in Post-Empire Times» (PDF). Assyriology. Journal of Assyrian Academic Studies, Vol 18, No. 2. 2004. Sitat: «The Neo-Assyrian Empire (934-609 BC) was a multi-ethnic state composed of many peoples and tribes of different origins.» I løpet av denne perioden tok Assyria ein posisjon som den mektigaste nasjonen på jorda, og overgjekk Babylonia, Egypt, Urartu/Armenia«The Black Obelisk of Shalmaneser III» og Elam i dominansen av Midtausten, Anatolia, Kaukasus, Nord-Afrika, og den austlege delen av Middelhavet, men det var ikkje før reformene til Tiglat-Pileser III på 700-talet f.Kr. at det vart eit enormt imperium.
Bakgrunn Assyria var opphavleg eit akkadisk kongedømme som utvikla seg 2400 til 2300 f.Kr. Dei tidlegaste assyriske kongane som Tudiya var relativt små herskarar, og etter skipinga av Det akkadiske riket, som varte frå 2334 f.Kr. til 2154 f.Kr., vart desse kongane underlagt Sargon av Akkad som sameinte dei akkadisk- og sumerisktalande folka i Mesopotamia under ein herskar.
Den urbaniserte akkadiske nasjonen Assyria (og frå 1894 f.Kr. kalla for Babylonia) utvikla seg hovudsakleg frå det oppløyste akkadiske riket. I den gammelassyriske perioden i tidleg bronsealder, hadde Assyria vore eit kongedømme i nordlege Mesopotamia (dagens nordlege Irak), tevla for dominans med hattiarar og hurrittarar i Anatolia, og dei syrisk-akkadiske bystatane som Isin, Ur og Larsa, og seinare med Babylonia som vart grunnlagde av amorittane i 1894 f.Kr., og som ofte var underlagd kassittane. I løpet av 1900-talet f.Kr. etablerte Assyria koloniar i Anatolia, og under kong Ilushuma utførte Assyria fleire suksessfulle krigstokt mot statane i sør. Landet fekk vekslande lukke i den midtre assyriske perioden, men hadde ei stordomstid under Sjamsi-Adad I på slutten og på midten av 1800-talet f.Kr. Det hamna deretter i korte periodar under babylonsk og mitannisk-hurrisk overherredøme på høvesvis 1600- og 1400-talet f.Kr. før landet igjen fekk ei stordomstid frå 1365 til 1074 f.Kr. som omfatta styra til store kongar som Assur-Uballit I, Tukulti-Ninurta I og Tiglat-Pileser I. Under «den mørke tidsalderen» i bronsealderen vart Assyria verande ein sterk og stabil nasjon i motsetnad til rivalane sine.Roux, Georges (1993): Ancient Iraq, Penguin, 3. utg. Frå med krigane til Adad-nirari II vart Assyria igjen ei stormakt som velta det tjuefemte dynastiet i Egypt og erobra store og små nasjonar som Egypt, Babylonia, Elam, Urartu, Media, Persia, Mannai, Gutium, Fønikia/Kanaan, Aramea (Syria), Arabia, Israel, Judea, Filistia, Edom, Moab, Samarra, Kilikia, Kypros, Kaldea, Nabatea, Kommagane, Dilmun og hurrittar, Shutu og nyhettittane; dreiv ut nubiarar, kusjittane og etiopiarane frå Egypt; sigra over kimmeriarar og skytarane; og utpressa tributtar frå Frygia, majanarane og Punt blant andre.
Det nyassyriske rike etterfølgde den midtre assyriske perioden og det midtre assyriske rike (1300- til 900-talet f.Kr.). Ein del forskarar som til dømes Richard Nelson Frye har vurdert det nyassyriske rike som det første reelle imperiet i historia til menneska.Frye, Richard Nelson (1992): «Assyria and Syria: Synonyms» i: Journal of Near Eastern Studies. Sitat: «And the ancient Assyrian empire, was the first real, empire in history. What do I mean, it had many different peoples included in the empire, all speaking Aramaic, and becoming what may be called, «Assyrian citizens». That was the first time in history, that we have this. For example, Elamite musicians, were brought to Nineveh, and they were 'made Assyrians' which means, that Assyria, was more than a small country, it was the empire, the whole Fertile Crescent.» I løpet av denne perioden ble også arameisk offisielt språk i riket, ved sidan av akkadisk.
Det nyassyriske riket vart til sist overvunne av ei samanslutning av babylonar, mediarar, skytarar og andre i slaget ved Ninive i 612 f.Kr. og den påfølgjande herjinga av den siste hovudstaden til riket Harran i 608 f.Kr. Meir enn eit halvt hundreår seinare vart både Babylonia og Assyria provinsar av Persarriket. Sjølv om assyrarane under kongedømmet til Asurbanipal øydela den elamittiske sivilisasjon, fekk den assyriske kulturen ein innverknad på det etterfølgjande riket til mederane og persarane, indoeuropeiske folk som tidlegare hadde vorte dominerte av Assyria.
Det assyriske riket før reformene 911-745 f.Kr. mini|venstre|Kong Asurnasirpal II møtte ein høg embetsmann ved mottakinga av soldatar og krigsfangar. Han er følgd av ein parasollberar og er vakta over av ein guddom med venger. Han held ein boge og eit par piler, symbolet på siger i krig. Frå nordvestpalasset ved Nimrod, i dag i British Museum. Etter Tiglat-Pileser I døydde i 1076 f.Kr. var Assyria i ein nedgang i dei neste 150 åra. Perioden frå rundt 1200 til 900 f.Kr. var ein mørk tidsepoke for heile Det nære austen, Nord-Afrika, Kaukasus, Middelhavet og regionen i Balkan, prega av stor uro og folkevandringar. Trass i den openberre svekkinga til Assyria, vart han verande eit solid, godt forsvart riket med dei beste krigarane i verda, samanlikna med naborika. Assyria var i ein sterkare posisjon gjennom denne perioden enn dei fremste rivalane, som Egypt, Babylonia, Elam, Frygia, Urartu, Persia og Media.Roux, Georges (1993): Ancient Iraq, s. 282-283. Kongar som Assur-bel-kala, Asjarid-apal-Ekur, Assur-rabi II, Tiglat-Pileser II og Assur-Dan II forvara grensene til Assyria og opprettheldt stabilitet i landet trass i den urolege epoken.
Den lange perioden med isolasjon enda med at Adad-nirari II tok makta i 911 f.Kr. Han underkasta dei områda som tidlegare berre var under formelt vasallforhold til Assyria, erobra og deporterte plagsame arameiske og hurrittiske folkesetnader i nord til fjerne stader. Adad-nirari II gjekk deretter to gonger til åtak og vann over Samasj-mudammiq av Babylonia, annekterte eit stort landområde nord for elva Diyala og byane Hīt og Zanqu i midtre Mesopotamia. Han tok større deler av Babylonia under Nabu-shuma-ukin I seinare i styret sitt. Adad-nirari II vart etterfølgt av Tukulti-Ninurta II i 891 f.Kr. som vidare etablerte posisjonen til Assyria og ekspanderte nordover i Anatolia og Zargosfjella i løpet av det korte styret sitt.
Den neste kongen, Asurnasirpal II (883–859 f.Kr.), starta eit omfattande ekspansjonsprogram. Først erobra han folka i nord så langt som Nairi ved Vansjøen, deretter overvann han aramearar og nyhettittarar mellom elvane Khabur og Eufrat. Brutaliteten hans utløyste eit opprør som vart avgjerande knust i eit to dagars slag. Etter denne sigeren drog han vidare utan større motstand mot Aram (dagens Syria) og Anatolia så langt som til Middelhavet og pressa tributt frå Frygia og Fønikia. Asurnasirpal dreiv òg hærtokt i Zargosfjella i dagens Iran, og utløyste opprør om assyrisk styre frå lullubiarane og gutearane. Ulikt noko anna tidlegare byrja assyrarane å skryte av brutaliteten og råskapen sin i monumenta sine og inskripsjonar.Allen, Bruce Ware: «Sardanapalus, (? – 612 BC?)» Asurnasirpal flytta òg hovudstaden til byen Kalhu (Nimrud). Palassa, templa og andre bygningar som vart konstruerte av han ber vitnemål av ei stor utvikling i kunsten og rikdomen.«Nimrud (ancient Kalhu, Iraq)» , British Museum Asurnasirpal bygde òg ei rekkje citadell og festningar som Kar Asurnasirpal.
mini|venstre|Kurkhmonolitten Asurnasirpals son, Salmanassar III (858–823 f.Kr.), hadde eit langt styre på 34 år medan hovudstaden vart omforma til ein væpna leir. Kvart år marsjerte dei assyriske hærane ut på krigstokt. Babylon vart okkuperte, og Babylonia redusert til ein vasallstat. Han kjempa mot Urartu og marsjerte ein hær mot ein allianse av arameiske statar leidde av Hadadeser av Aram-Damaskus som omfatta òg Akab av Israel, og dei møttest i slaget ved Qarqar i 853 f.Kr. Trass i Salmanassars skildring av «fordrivde motstandarar», synst det heller som om slaget enda uavgjort då dei assyriske styrkane vart trekte tilbake kort tid etter. Slaget er nemnde på assyrisk på Kurkhmonolitten som i dag er ved British Museum.«The Monolith Inscription of Shalmaneser II», Sacred-texts.comYamada, Shigeo (2000): The Construction of the Assyrian Empire: A Historical Study of the Inscriptions of Shalmanesar III Relating to Hi sine Campaigns in the West, BRILL, s. 342
mini|Shamshi-Adad V, detalj frå ein stele på British Museum. Salmanassar III erobra den nyhettittiske staten Karkemisj i 849 f.Kr. I 841 f.Kr. marsjerte ein hær mot Hasael av Aram-Damaskus, kringsette Damaskus og tvinga fram tributt, men tok ikkje byen. Han skaffa seg òg tributt frå Jehu av Israel, og dei fønikiske bystatane Tyr og Sidon. Den svarte obelisken hans, Kurkhmonolitten, nedteikna mange av dei militære hendingane under styret hans. Dei siste fire åra av styret hans vart forstyrra av eit opprør frå den eldste sonen hans Ashur-nadin-aplu som nesten viste seg å verte lagnadstungt for Assyria. 27 byar, inkludert Assur, Arbela, Arrapkha (Kirkuk) og andre stader følgde kongsemnet. Opprøret var ikkje rett direkte mot kongen, men heller mot provinsguvernørar som Dayan-Ashur som hadde samla seg uforholdsmessig makt. Opprøret vart knust med store vanskar av Shamshi-Adad V, Salmanassars andre son og som etterfølgde han ved døden hans i 824 f.Kr.
Den lange og bitre borgarkrigen hadde ført til at babylonarane i sør, mederane, mannaiarane, og persarane i nord og aust, omfram aramearane og nyhettittane i vest i stor grad hadde rista av assyrisk styre, og Shamshi-Adad V måtte nytte den gjenverande delen av styret sitt til sikre kontroll på nytt over desse folka. I løpet av den same perioden hadde Urartu gripe høvet til sikre innverknaden sin over region. Som eit resultat av desse hendingane hadde Assyria ikkje ekspandert vidare under Shamshi-Adad V. Ved døden hans i 810 f.Kr. vart han etterfølgt av den unge sonen sin Adad-Nirari III, og i fire år fram til 806 f.Kr. var det mora hans, dronning Sammuramat som styrte som regent i staden hans. Mange legender omgjev denne dronninga, særlege legenda om Semiramis, likevel vart ho i lita grad nemnt i assyriske nedskrivingar i samtida.Roux, Georges (1992): Ancient Iraq, Penguin Books, London, ISBN 0-14-012523-X, s. 302. Då Adad-Nirari III voks opp overtok han sjølv styringa av riket og invaderte Levanten og underkasta aramearane, fønikarane, filistarane, israelittane, nyhettittane, og edomittane. Han gjekk mot byen Damaskus og tvinga tributt frå kongen deira Bein-Hadad III. Han vende seg deretter mot det området som i dag er Iran og underkasta persarane, mederane og mannaiarane, og drog så langt av stad som til Kaspihavet. Det neste målet hans var kaldearane og sutustammene i søraustlege Mesopotamia som han erobra og reduserte til vasallar.
Nedgangstid, 782–745 f.Kr. Adad-Nirari III døydde for tidleg i 782 f.Kr. og det førte til ei nedgangstid. Salmanassar IV (782–773 f.Kr.) synest å ha hatt liten autoritet, og ein siger over Argishti I av Urartu er kreditert hærføraren, turtanu, ved namn Shamshi-ilu som ikkje følte behov for å nemne namnet til kongen. Shamshi-ilu fekk òg ein del sigrar over aramearane og nyhettittane, og tok igjen personleg ære for krigane på rekning av kongen. Assur-Dan III kom til trona i 772 f.Kr. og viste seg å vere lite dugeleg herskar og vart plaga med indre opprør i byar som Assur, Arrapkha og Guzana. Han klarte heller ikkje å skaffe framgang mot Babylonia og Aram (Syria). Styret hans var i tillegg prega av pest og ein illevarslande solformørking. Assur-Nirari V vart konge i 754 f.Kr. og tida hans synest å ha vore jamleg prega av opprør, revolusjon og uro, og han synast knapt å ha forlate palasset sitt i Ninive før han vart avsett av Tiglat-Pileser III i 745 f.Kr som førte med ei fornying for Assyria.
Tiglat-Pileser III, 744-727 f.Kr. mini|venstre|300px|Dei assyriske deportasjonane av jødane ved tre høve.