Eugène Emmanuel Viollet-le-Duc () var ein fransk arkitekt og arkitekturteoretikar. Viollet-le-Duc er særleg kjend for sine restaureringar av mellomalderbygningar, som Sainte-Madeleine-kyrkja i Vézelay, Notre-Dame i Paris, Mont Saint-Michel, Carcassonne og slotta Roquetaillade og Château de Pierrefonds. Han gjorde uvanleg djupt forskingsarbeid rundt bygningane han skulle restaurera, men er blitt skulda for å «overrestaurera» og forandra dei til å bli noko dei aldri var. Viollet-le-Duc er knytt til den nygotiske arkitekturen, ein stil som stod i sterk motsetnad til den klassistiske Beaux-Arts-arkitekturen som var populær i samtida.
Kjelder «Viollet-le-Duc, Eugène (-Emmanuel)», dictionaryofarthistorians.org Denne artikkelen bygger på «Eugène Viollet-le-Duc» frå , og «Eugène Viollet-le-Duc» frå den 17. mai 2014.
Bakgrunnsstoff
«Viollet-le-Duc, Eugène (-Emmanuel)», dictionaryofarthistorians.org/
Kategori:Franske arkitektar Kategori:Nygotiske arkitektar Kategori:Folk frå Paris