Hirbnafsah (arabisk حر بنفسه, òg skrive Harb Nafseh eller Harbanafsa) er ein by nordvest i Syria i Hama guvernement, sørvest for Hama. Av stader i nærleiken finn ein Deir al-Fardis i nord, Tumin og al-Rastan i aust, Kisin og Kafr Nan i sør, Talaf i sørvest. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Hirbnafsah eit folketal på 3 574 i 2004. Han er det administrative senteret og den sjette største staden i Hirbnafsah nahiyah («underdistrikt») som består av 26 stader med eit samla folketal på 54 592.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.Smith, 1841, s. 178.
Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi nemnte at Hirbnafsah var «ein landsby under Hims» då han vitja i 1225 under styret til Ajjubide-dynastiet.le Strange, 1890, s. 448.
Under den syriske borgarkrigen, som byrja i 2011, hevda opposisjonen at 40 menneske i Hirbnafsa vart drepne etter at den syriske hæren og pro-statlege militssoldatar bomba landsbyen den 6. august 2012. Andre opposisjonskjelder gav talet til å vere 11, inkludert fem barn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hirbnafsah» frå , den 21. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Hama-distriktet Kategori:Byar i Syria