Von (ˈvɔːn, 'von') er debutalbumet til det islandske post-rock-bandet Sigur Rós.
Produksjonen av albumet tok lang tid, og sluttresultatet vart merkbart annleis enn originalopptaka. Bandet vurderte å kaste det endelege resultatet og starte på nytt, men valde å ikkje gjera det sidan det ville gjort prosessen for lang. I bytte for opptakstid måla Sigur Rós studioet dei tok opp i.
Von var fyrst sleppt på Island til moderat kritikk, men var ganske ukjent utanlands. I det første året plata var til sals, selde ho berre 313 kopiar på Island. Etter at dei neste albuma, Ágætis byrjun og ( ), vart populære utanlands, vart Von sleppt på nytt i Storbritannia i september 2004, og i USA ein månad seinare. I desember 2005 vart Von og Ágætis byrjun erklærte platinaalbum på Island, sidan dei hadde seld over 5000 kopier innanlands.
Det sjette sporet på Von inneheld 18 sekunder stille. Det siste sporet startar med seks minuttar og femten sekundar stille, og deretter ein del av «Myrkur» spela baklengs, som gav namnet «Rukrym».
Sporliste SporNamnOversettingLengde1 «Sigur Rós»Sigersrose9:472 «Dögun» Daggry5:503 «Hún Jörð …» Moder Jord7:184 «Leit að lífi»Søk for liv2:345 «Myrkur»Mørkre6:146 «18 sekúndur fyrir sólarupprás»18 sekunder før soloppgang0:187 «Hafssól»Havssola12:248 «Veröld ný óg óð»Ei verd, ny og gal3:299 «Von»Håp5:1210 «Mistur»Tåke2:1611 «Syndir Guðs (Opinberun frelsarans)»Guds syndar (Frelsarens openberring)7:3812 «Rukrym»Erkrøm («Mørkre» baklengs)8:59 Personar Jón Þór Birgisson – vokal, gitar Georg Hólm – bass Ágúst Ævar Gunnarsson – trommer
Kjelder Omsett frå Engelsk Wikipedia, som oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisielle nettside for albumet Utvalgte spor frå albumet på nettstaden til gruppa Von og Ágætis byrjun får platinum på Island
Kategori:Sigur Rós-album Kategori:Musikkalbum frå 1997 Kategori:Islandske musikkalbum Kategori:Islandskspråklege album