Charles Kindred «Kin» Vassy () var ein songar-låtskrivar, som i tillegg til soloplatene sine spelte med mange andre artistar, mellom andre Kenny Rogers, Frank Zappa og Elvis Presley.

I 1960-åra var Vassy medlem av The Back Porch Majority. Han slutta i gruppa i 1969 og vart med i countryrockbandet Kenny Rogers and The First Edition. Som medlem av gruppa spelte han på hitalbumet Something's Burning og ein av songane hans, «Heed The Call», nådde Topp 40 i 1970.

Vassy slutta i gruppa i 1972 etter albumet The Ballad of Calico og vart erstatta av Jimmy Hassell. Han arbeidde så som soloartist og studiomusikar. I 1980 gav Vassy ut to singlar for plateselskapet ia: «Do I Ever Cross Your Mind» og «Makes Me Wonder If I Ever Said Goodbye». Han flytta til Liberty Records og gav ut sju singlar her, mellom anna «When You Were Blue and I Was Green», so nådde 21. plassen på Hot Country Songs. Vassy heldt fram å arbeide med Rogers på forskjellige prosjekt, som What About Me? frå 1984. Vassy skreiv òg songen «Kentucky Homemade Christmas» for Rogers, som kom på Christmas (Liberty Records, 1981). I 1984 spelte han ein song med country-gospel-songaren Stella Parton, for Rhinestone, som systera til Stella, Dolly hadde spelt i.

Vassy døydde av kreft i 1994.

Diskografi ÅrSingelUS Country1971«Revelation»1972«Will The Circle Be Unbroken»1979«Do I Ever Cross Your Mind» 851980«Makes Me Wonder If I Ever Said Goodbye» 67«There's Nobody Like You» 881981«Likin' Him and Lovin' You» 39«Sneakin' Around» 48«When You Were Blue and I Was Green» 211982«Cast the First Stone» 78«Women in Love» 591983«Tryin' to Love Two» 80

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kin Vassy» frå , den 6. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Døde av kreft Kategori:The First Edition-medlemmar Kategori:Musikarar frå Georgia i USA Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar